Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Trio -Fana 2 = 3-1

Les korleis Trio greidde og vinna mot Fana 2 i den ekstreme sumarvarmen.

 

Trio – Fana 2 = 3-1

Lagoppstilling:

 
Mats – Martin L – Åsmund – Lars Bernhard – Erik
Eivind - Kjetil – Torki
Charter – Nikolai – Martin V
 
 

Kampen starta tregt med to passive lag som var redd for å bruka kreftene i den kraftige varmen. Det førte til at i 1.omgong hadde begge laga ein halvsjanse kvar og det var det. Det var allikevel tendensar til at Trio kom til å heva spelet sitt. Det kom etter ein etterlengta drikkepause midt i omgongen, der trenar Aleksander fekk Trio spelarane til å vakna opp med einl iten tordentale.

 
 

I 2.omgong gjekk Trio ut av startblokkene med større kraft,fart og tempo i spelet. Og dei såg seg ikkje tilbake, før heilt i slutten av omgongen.

Etter om lag 55 minutt slår Kjetil ein lang ball opp i 16meteren. Nikolai stussar ballen over ein nølande Fana keeper og vips, 1-0 til Trio. Eigentleg litt ut av ingenting.

Det roar seg litt igjen før Erik Voster Solberg skal setja sitt preg på kampen, og det med ein defensiv parrade utan sidestykke. Fana 2 spelar ein nydeleg stikkar igjennom Trio forsvaret og alle trur dei er åleine med keeper og kampen går tilbake til uavgjort. Erik ofrar seg med ei herleg takling og tåa stryk gjennombruddspasninga og sjansen avverga. Like herleg som ei scoring for Trio. Kanskje betre. Stinni vart så begeistra at han fekk strekk i ryggen og underteikna måtta ta seg ein drikkepause etterpå. Me veit at unggutane våre er talentfulle i hopevis offensivt, men å sjå dei ofra seg defensivt er nydeleg å sjå på.

 
 

Trio tek etter dette over kampen. Torki skyt over og Eivind skyt i stanga kort tid etter. Så held Kjetil Øzil Eide fram artisteriet og trer nok ein gong igjennom NiKo. Han skyt eit slags dabbskudd men lurer keeper som rusar ut og legg seg ned. 2-0. Publikum jublar og Niko nyt hyllesten.

 
 

Eivind fortsett skudd bonanzaet sitt og har to skudd til etterpå, men han må gå slukøyra heim og ta til takke med mammo sine komler idag.

Ein Trio spelar som har dagen er Kjetil Eide. Han har servert Nikolai to mål før i kampen, før han sjølv vil trøkka Fana 2 spelarane ned i søla og senda dei heim med null poeng. Kjetil bryt spelet over midten, kjører tunnell på ein Fana 2 forsvarer og vegen er fri for mål. Halsnøyeleganten syt for 3-0. Nydeleg Kjetil. I dag var du god. Meget god.

 
 

Trio gjer mange bytter og fleire vil visa seg fram. Oliver Lygresten er litt hissig på grauten og ivrig på å visa seg fram. Han legg ned ein Fana spelar innanfor 16 meteren og dommar bles for straffe. Fana får eit trøstemål 3-1.

Trio held fram ein god sesongstart og ligg seg i toppen av 4.divisjon. Det hadde ikkje mange trudd før sesongen. Kor skal det ende? Støtt opp og følg med!

 
Aleksander sine tre stjerner gjekk idag til:
Kjetil: ***
Nikolai: **
Lygre: *
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart