|
Litt slapt i varmen | | | | | G19: Stord2-Trio2 4-2. 17-årslaget leverte ein ganske slapp kamp på Sommarøya onsdag kveld. Kebab på Leirvik etterpå vart utan tvil eit større høgdepunkt enn kampen. Stord var eit hakk betre og vann fortent. | | |  | | Ole Martin gjorde ein god kamp inntil han måtte ut med skade. |
Lite å seie om kampen i varmen. Vi hadde nokre sjansar i starten, men Stord gjekk i føring med 2-0 før dommaren blas for drikkepause midt i omgangen. Vi tok oss litt opp etter det og Benjamin reduserte på retur etter at Sander snappa ei feilpasning. 2-1 midtvegs. ' Andre omgang vart også slapp frå vår side og Stord scora to til. Vel 10 minutt før slutt reduserte Sander V på corner, så sluttresultatet vart 4-2. Meir fortente vi ikkje, etter ei sløv treningsveke, der halvparten knapt har trent. | | | No ventar to heimekampar. Då bør vi opp eit hakk. | | | Kampfakta frå Langeland kunstgrasG19: Stord2-Trio2 4-2 (2-1) 1-0 (6 minutt) 2-0 (19 minutt) 2-1 (31 minutt) Benjamin Skarveland 3-1 (54 minutt) 4-1 62 minutt) 4-2 (78 minutt) Sander Eik Vevik | | | Dommar: Åge Eide, Leirvik BK Gult kort: Mathias og Tarmo, og eitt til Stord | | | Trio sitt lag (3-5-2): Aref Hosseinizada, Sander Eik Vevik, Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik - Ole Martin Byrknes (Daniel frå 67), Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit (Erik Thomas frå 40), Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng (Jonas Teigen frå 35 min, Mathias frå 67) - Sander Dolonen Brækken, Benjamin Skarveland (Said Mohammadi frå 35, Benjamin frå 67). | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |