Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Stor fare for grasbrann!

Klikk på bilete for full storleik
 
G12: Rosendal-Trio Husnes 3-11. Triogutane var rett og slett i fyr og flamme i varmen på ein flott grasbane i Rosendal. Mot eit lag som normalt er rett så jamnbyrdig, tok vi fram godspelet som vi aldri har sett det før. Mykje flotte kombinasjonar og veggspel, vilje i duellane og mål i bøtter og spann! Herleg!
 
I ein slik varme som vi har om dagane, er det hardbart å spele fotball. Det vart lagt inn ein drikkepause midt i kvar omgang, men vi naut godt av å vera heile 5 innbyttarar, så alle fekk seg rundar ut for å drikke og kjøle seg ned. I slikt ver er det lett for at det går skikkeleg vegen for dei som har medgang, og tilsvarande tyngre for dei som hamnar bakpå. Det medvirka nok til at det vart storsiger i dag. 
 
For det var relativt jamnt første 20 minutta, sjølv om vi hadde eit lite spelemessig overtak. Mohammed sendte oss i leiing på ein retur etter corner. Og siste ti minutta viste det seg at det var innbyttarspiss Elias sin store dag. Han scora først på straffe, og så putta han tre til, og hadde ein målgjevande til Noah innimellom. Og Noah var banens gigant i dag, der han strødde rundt seg med klassepasningar i alle retningar frå sentral midtbane. Dei to minste på banen tok seg verkeleg ut i dette timinuttet, og vi kunne gå til pause med heile 6-0! Vi må også ta med at dei vart godt hjulpne av lynvingen Brage, som serverte mange gode assist med sine flotte innlegg frå venstrekanten.
 
Då var stemninga stor i pausen. Og fokusen kanskje litt mindre. Så det var ikkje heilt overraskande at Rosendal var meir på hugget enn oss første ti minutta. Ei scoring fekk dei også, men så kom vi i gjenge igjen då Mohammed sette 1-7 inn hardt langs bakken. Då løysna det igjen og Noah la på med sitt andre for dagen, før Rosendal reduserte på nytt.
 
Så varta vi opp med nokre perlescoringar mot slutten av kampen. Håkon Georg er ikkje den som noterer seg oftast i scoringsprotokollen, men 2-9 var ein storscorar verdig. Frå skrått venstre vrengte han den nydeleg i langhjørnet. Elias brukte ikkje lang tid på ein god kopi, den gjekk sågar stang inn. Og Vegar avslutta målorgien vår med ei kontant scoring. Til slutt fekk Rosendal redusering nummer 3, så det var godt det ikkje var siste målet vinn :)
 
Uansett, måla er ein ting, men spelet vi vartar opp med i dag var så bra at det var rett før tårene trilla i trenarstaben. Knallhardt jobbing og kontant spel bak, samstundes som vi blir stadig flinkare til å levere ballen med meining bak også, ikkje berre klarere. Abdisalan må nemnast, han var formidabelt god i dag. Og offensivt vartar vi som nemnt opp med mykje bra kombinasjonar og pasningsspel. Vi blir stadig flinkare til å bruke breidde også, og då blir alt så mykje lettare og vi får betre plass. Jau, dette var verkeleg ein kamp å bygge vidare på!
 
Desse var med i dag: 
Martin (keeper i første), Gunnar (keeper i andre), Michael, André, William, Noah, Brage, Vegar, Mohammed A, Abdisalan, Håkon Georg, Mohammed Z, Edvard, Elias.
Og enda har vi 4 til heime, som ikkje var med i dag!
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart