Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kun trenarane var utsletne

Klikk på bilete for full storleik
 
G12: Trio Husnes-Røldal 7ar 11-2. Med 16 hyperaktive småtassar klare som egg for kamp, er det ikkje lett for nokre stakkars trenarar å disponere kreftene i ein 7arkamp. Det er eit luksusproblem å vera så mange, vi blir stadig fleire. Ved kampslutt var dei færraste slitne og ingen nøgde med speletida. Medan trenarane var letta over at maset var over :)
 

Første ti minutta gjekk vi ut i hundre. Allereie i første minutt scora Mohammed Z, etter fint veggspel med Elias. Ikkje lenge etter serverte Elias eit herleg innlegg til Mikal, som særs kontrollert styrte inn 2-0. Så var det André sin tur, då han dempa ein retur og sikkert sette 3-0 i nota. Og Mikal var frampå på ein retur og det sto 4-0 før ti minutt var spelt.

 

Då fekk Røldal sette innpå ein ekstra spelar og det var med å jamne ut kampen. Men mest var det vi sjølv som gjorde det, då vi slutta å la ballen gå like bra som i starten, samtidig som vi klumpa oss inn i midten. Bruk kantane, gutar! Velvel, Mikal la på til 5-0 rett før pause, men siste halvparten var veldig rotete av oss og Røldal fekk mange sjansar. Men Martin i mål er berre umogleg, han skulle halde nullen! 

 
I pausen gjorde vi eit stunt med å plassere Mohammed A på ein høgst uvant midtstopparplass, til store protestar frå han sjølv. Men det gjekk over når han fann ut at han kunne få ta sine raid framover, medan Abdi på midten skulle vera flink å rope at han dekka bak dei gongene Mohammed stakk fram. Dette funka som ei kula og det tok berre tre minutt før det vart mål av det. Mohammed på raid, rundt på sida og innlegg til Michael, som scora sikkert. Michael var heilt månebedotten over å bli tildelt spissplassen, men fann fort ut at her var det berre å nytte sjansen. 
 
Før dette hadde Abdi scora på eit herleg innlegg frå Brage, slik at det sto 7-0. Då fekk Røldal mykje rom framover då vi vart vel offensive ein periode, og dei nytta høvet til å score to fine mål, før vi tok oss i nakken igjen. Fine scoringar ved Michael, som slo eit herleg innlegg bak forsvaret. Ein forsvarar var uheldig og styrte den i eige mål, hardt pressa av Brage. Og så klaska Abdi ballen i krysset etter corner.
 
Mot slutten auka Brage etter å ha dratt same skotfinta tre gonger, før Mohammed A fekk fastsette sluttresultatet på eit fint angrep servert av Mohammed Z. Totalt sett ein ok kamp. Vi viser betring i pasningsspelet og jobbar betre i lag. Dog var ikkje dette i nærleiken av fantomkampen vi leverte i Rosendal sist veke. Så bra har gutane aldri spelt. I dag var målvaktene våre best. Martin er allereie nemnt, og i andre omgang leverte Gunnar like bra. Vi er godt rusta på keeperplass.
 
Dette var siste vårkampen i serien, men vi vonar å få til ein treningskamp ein gong i neste veke.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G12: Trio Husnes-Røldal 7ar 11-2 (5-0)
1-0 (2 minutt) Mohammed Z. (assist: Elias)
2-0 (5 minutt) Mikal (Elias)
3-0 (7 minutt) André 
4-0 (8 minutt) Mikal 
5-0 (28 minutt) Mikal (Noah)
6-0 (31 minutt) Abdisalan (Brage)
7-0 (33 minutt) Michael (Mohammed A)
7-1 (35 minutt) 
7-2 (39 minutt) 
8-2 (42 minutt) Michael (Håkon)
9-2 (45 minutt) Abdisalan 
10-2 (52 minutt) Brage (Jonas)
11-2 (55 minutt) Mohammed A (Mohammed Z)
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart