 | | Trude Sundsteigen til høgre, i lag med kongepokalvinnar Lotte Miller. |
Brynetri arrangerte seks ulike øvelsar: NM Elite, NM age-group, supersprint, miksstafett, sprint mosjon og standard mosjon. For Trio deltok fire utøvarar i NM age group og to i sprint mosjon: Ronny Nordal: gull i klassen M40 og nummer 2 av samtlige klasser i NM sprint age-group. Kenneth Blom: gull i klassen M55 og nummer 13 av samtlige klasser i NM sprint age-group. Magne Klementsen: sølv i klassen M55 og nummer 22 av samtlige klasser i NM sprint age-group. Trude Sundsteigen: gull i klassen K40 og nummer 11 av samtlige kvinner i NM sprint age-group. Bente Hellevik: nummer 4 av 18 kvinner i sprint mosjon. Terje Røssland Nes: nummer 9 av 24 menn i sprint mosjon.
Brynetri er sesongopning for triatleter i Norge. Trio-gjengen hadde lagt opp både trening og formtopp til dette arrangementet (bortsett frå Bente, som vart sjuk rett før helga). Av dei seks som deltok frå Trio, er det stor forskjell i treningsmengder og erfaring. Ronny, Kenneth og Trude deler med stor inspirasjon frå tidligare konkuransar og treningsopplegg, til glede for dei som deltok for fyrste gong, Terje og Bente. Sprint mosjon er ein ypperlig konkuranseklasse å debutere i. I denne klassen er det lave skuldrar og alt frå lite til mykje treningsførebuing. Her handler det mest om å debutere, gjennomføre eller nå eigne mål. Terje og Bente er topp motivert for fleire konkurransar og håpar at fleire Trio-løparar/ -symjarar/-syklistar tar steget og prøver seg. I klassen NM age-group er det svært mange topptrente utøvarar, og 3 gull og 1 sølv til Trio er imponerande resultat. Av dei seks som deltok frå Trio så er det enkelte som ligg opp mot to treningar daglig for å prestere på dette nivået. Fleire av Noregs beste triatleter deltok i NM elite. Casper Stornes, som tok gull på Bermuda i verdenscupen i triatlonserien, vann kongepokalen for menn. Lotte Miller vann kongepokalen for kvinner. Lotte har vore Noregs desidert beste kvinnelige triatlet dei siste åra. Trio-utøvarane helste på begge vinnarane og dei framstår som inkluderande og svært hyggelige idrettsutøvar, ikkje ulikt tri-miljøet i Trio. Det er plass til fleire triatleter i Trio og de vil garantert bli tatt godt i mot. |