|
J14 med seier i jevn og spennande kamp i Haugesund |  | | Jublande jenter etter å ha henta 3 poeng i Haugesund mot Djerv 1919 |
| | | J14, 1. div Rogaland (Nord): Djerv 1919 - Trio 3-4 (2-2).
Med hjelp frå ein 12-åring og ein 13-åring var det 14 speleklare jenter som tirsdag tok turen til Haugesund for å måla krefter med Djerv 1919. Og med tidlegare Trio gutar Endre Eide og Oddgeir Søllesvik på 'vår side' av sidelinja, klarte jentene å dra heim seieren i ein svært jevn kamp som bølga fram og tilbake i samfulle 70 minutt. | | |  | | 3 mål av Julie i kveld, terping på avslutningar betalar seg! | Det vart ein målrik start på kampen. Julie bryt gjennom i vårt første angrep og sett kontant inn til 1-0. Djerv svarar først til 1-1 og ganske kjapt etter det går dei og opp i 2-1. Fortsatt er det ikkje spelt meir enn 10 minutt og det er ein time igjen å snu det på. Vi startar på den jobben i første omgang. Julie får et oppspel på venstresida. Drar av 2-3 Djerv jenter innover i banen og knallar ballen i mål frå 16-meteren. Flott prestasjon av lysluggen frå Sandvoll som er i storform for tida og uavgjort til pause. | | |  | | Årsbeste av Ida Helen i dag, god kamp på venstrekanten! |
Vi er enig i pausen om at her er det muligheter om vi klarer knyte litt meir igjen bakover og tørre spele endå meir ball framover i banen. | | |  | | Flott jobb av Linnea i ankerrolla på midten |
Vi tar tak i kampen frå starten av i andre omgang. Malene er aktiv på høgrekanten og tar backen med på eit løp mot dødlinja. Ho får levert til Julie som sett sitt tredje for dagen til 3-2 ledelse. Igjen forsvinn ledelsen nesten umiddelbart då eit knallhardt skudd frå venstre går inn i hjørnet, utagbart for Cecilie som sporty tok 2. omgangen i buret i dag. Malene tok første og leverte som vanlig bra. Cecilie hadde det roligare i sin omgang. Igjen like langt, men vi har gradvis overtatt kampen og er no meir og meir på Djerv sin halvdel. Det er derfor fullt fortent når June Marie tar saken i egne hender etter eit brudd, drar av ein forsvarar og skjærer inn foran neste. Ser opp og sett ballen kontrollert til venstre for keeper. Herrrrliiiig!!! Jentene kontrollerer deretter inn kampen og stor glede for årets første borteseier. | | | Dermed har vi 9p på 6 kampar og er oppe på 5. plass på 1. divisjons tabellen! Feiring med is på Rema 1000 på Kvala på vei heim sjølvsagt:-) | | | Ein slitekamp og ekte lagseier der alle 14 bidreg til poenga! Ekstra ros i dag til 3-målsscorar Julie og til Jenny og Angelica for å hjelpa oss til å vera nok jenter. Jenny fekk sin debut på J14 og gjorde ein god figur mot tøff motstand. | | | Takk til Ronny Quam for sikker kjøring av jentene i Trio bussen (no virkar bakdøra Aleksander!) | | | Ny kamp torsdag, heime mot Åkra på Kvednabekkjen kl 18.45. Kom og støtt jentene! | | | Laget i dag: Malene, June, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Linnea, Synna, June Marie, Astrid, Julie, Ida Helen, Jenny og Angelica. | | | | | | Bjørn og Per Einar:-) | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |