J14 deltar i Bø Sommarland Cup i helga |
 | | J14 deltar i Bø Sommarland Cup i helga |
|
| |
| J14 tar i helga turen over Haukelifjell for deltagelse i Sommarland Cup i Bø. Med mange føresette og søsken blir det ein heila delegasjon som skal kosa seg i syden temperatur med fotball og moro i Bø Sommarland:-) |
| |
 | | Astrid har vist bra form i det siste og gler seg til cup i Bø! | Slik vi oppfattar oppsettet i Profixio er det berre 4 lag og ei pulje i 11ar-klassen i J14. Vi hadde forventa 8 lag fordelt på 2 puljer, men får like mykje spel for det og alt mot nye lag, noko som alltid er kjekt:-) |
| |
 | | Aurora har fått meir og meir tak på spelet utover våren og skal i helga stoppa nye bekjentskap frå å bryta gjennom vårt forsvar |
Vi skal først møta SANDAR frå Vestfold på naturgras kl 08.40 lørdag morgon. Vanskelig å tolka divisjonsspelet i Vestfold då det er avd A, B, etc, og ikkje 1.div, 2.div, men Sandar ligg på nedre halvdel i avd B. Her bør det vera muligheter for ein god start om vi er våkne og mestrar naturgraset:-) |
| |
Tøffaste motstandar verkar på papiret å bli arrangørklubben SKARPHEDIN. Dei ligg på 3. plass på tabellen i 1. divisjon Telemark. Det kan bli ei tøff nøtt å knekka, men ikkje umulig. Denne går kl 11.20, også på naturgras. |
| |
Etter denne kampen går nok turen til bading og vannsklier i Bø Sommarland:-) |
| |
Siste lag vi skal møta er JUTUL frå Oslo. Dei spelar 3. divisjon, men ein skal ikkje la seg lura av det med et betydelig større antal lag i seriespelet enn det vi har her heime. Denne går ikkje seinare enn kl. 08.00 søndag morgon, på kunstgras. |
| |
Dei 2 beste laga etter puljespel går til finale kl. 16.00 på kunstgras. |
| |
Med kne-skader på Emma og Leah er vi berre 12 jenter og kan bare håpa på at det går bra. Det er korte kampar, 2 x 15min, så vi får tru det ordnar seg. Bra med speletid på alle bør det i alle fall ligga til rette for! |
| |
Det blir uansett kjempespennande å møta nye lag og vi gler oss storleg til intense og spennande kampar på banen og kjekke timar i Bø Sommarland! |
| |
For dei som vil følga jentene sine kampar under cupen, er det bare å følga med på IL Trio Liveoppdatering på Facebook. Er du ikkje med på gruppa, søk ho opp og be om å bli medlem! |
| |
|
| |
Bjørn & Per Einar:-) |
| |
| |
|
|
|