Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ny sterk kamp av J14 ga ett poeng mot Åkra

Klikk på bilete for full storleik
Uavgjort for J14 etter ein god kamp mot Åkra
 
J14, 1.div Rogaland (Nord): Trio - Åkra 1-1 (0-0).

Vi var spente på korleis jentene ville framstå 2 dagar etter tøff kamp i Haugesund og dagen før avreise til cup. Var det nok fokus til å prestera på 1. divisjonsnivå? Motstander Åkra låg på plassen før oss på tabellen og vi venta ein jevn batalje. Det blei det og til slutt endte det og med poengdeling i ein kamp jentene følte dei burde ha vunne etter prestasjonen på banen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp av 13-åringen Cecilie både på midtbane og som keeper!
Kampen startar jevnt og det er tydelig at det er to rimelig jevne lag som møtes til dyst. Anført av eit svært opplagt midtforsvar med Ingeborg og Ariana held vi Åkra unna store sjansar. Gradvis utover omgangen produserer vi meir og meir framover og siste 7-8 minutta av omgangen er eit stormløp mot Åkra målet. Cecilie er aktiv og god og herjar til tider på høgresida. Julie pressar fram ein feil mellom keeper og forsvar, vinn ballen skrått frå mål og drar innover i banen. Skuddet går dessverre like over, sterk prestasjon av Julie. Ikkje lenge etter må Åkra ty til ulovligheter i ein situasjon der både Cecilie og Julie blir tatt. Forstår det slik at det var forseelse på Julie som blei blåst på og straffe til oss. Denne går dessverre 1 cm for langt til venstre og på innsida av stolpe, i keeper og ut. Dermed 0-0 til pause.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sjef med stor S i forsvaret: Ingeborg
Vi er samstemte i pausen om at dette kan vi ta og ønsker fortsetta der vi slapp i slutten av første. Malene og Cecilie bytter plass og Cecilie tar keeperjobben etter sin beste omgang ute i år. 

 
Klikk på bilete for full storleik
Ikkje kjekt å vera spiss mot Ariana, nok ein storkamp av Sandvoll jenta
Vi klarer fortsetta i samme sporet og Malene sin fart i tillegg til Julie blir i overkant for Åkra. Julie kjem seg fri og sett inn fortent 1-0 til Trio etter 5 minutt av andre omgang. Julie scora dermed i sin sjette J14-kamp på rad på høgt nivå, bra Julie! Åkra prøver kjempa seg tilbake, men det er ein svært spesiell og heldig utligning dei får. Eit 'vådeskudd' eller innlegg på halv volley nesten frå cornerflagget får ein farlig bue inn mot mål og treff sjølvsagt akkurat under tverrligger og over Cecilie. Shit happens....
 
Klikk på bilete for full storleik
June Marie var drivande god på midtbanen i dag
Herifrå og ut kjører vi kampen og har blant anna 5-6 cornerar og er farlig frampå ved fleire anledningar, men Åkra er ikkje ufarlige på overganger. Cecilie er imidlertid også ein framifrå keeper og reddar mesterlig ved 2 anledningar. Slik sett kunne det bikka begge veiar og då får vi sei at uavgjort var OK.
 
Ein solid kamp og prestasjon av jentene, der mange dokumenterer god form før cup i helga. Stor takk til J13-jentene Jenny, Annie og Ellinor som hjelpte oss i kveld. Med Emma ute må vi på cup i helga klara oss med 12 jenter, vi håpar det går bra.
 
Isaac Jørgensen losa oppgjeret trygt i havn med fløyta. 
 
Laget i dag: 
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Linnea, Synna, June Marie, Astrid, Julie, Ida Helen, Jenny, Annie og Ellinor.
 
 
 
Bjørn & Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart