Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J14 klare for finale etter 2 kampar i Bø Sommarland Cup!

Klikk på bilete for full storleik
Trio J14 er finaleklare i Bø etter 2 seire lørdag
 
J14 / Bø Sommarland Cup: 
Trio - Sandar (Vestfold) 4-0 (2-0).

Trio - Skarphedin (Telemark) 1-0 (0-0).

J14-klassen i Bø Sommarland Cup 2018 tel berre 4 lag. Dermed ei pulje og 3 kampar. Korte omgangar med kampar på 2 x 15min. Vidare er det lagt opp slik at dei 2 beste i pulja møtes til finale søndag ettermiddag. Og der er Trio etter at 2 av 3 kampar er unnagjort!

 
Klikk på bilete for full storleik
Produktive 60 minutt for Julie i dag - 5 scoringar!
Tidlig start kl 08.40 i morges mot Sandar. Jentene var litt prega av dette og litt uvant naturgras første 6-7 minutta. Derfra og ut kjørte jentene over vestfoldingane. Julie herja på topp og satte like godt inn 2 i slutten av første omgang og 2 i løpet av siste 15 minutta. 1-0 kom etter cort cornertrekk og 2-0 etter at Cecilie kom gjennom og runda keeper. Frå skrått hold treff ho stolpen og returen bankar Julie i nota. Måla i andre omgang er etter gjennombrudd der Julie spring frå forsvaret. Solid gjennomført av heile laget og imponerande av Julie med 4 scoringar på 30 minutt.
 
Vi hadde sett litt av Skarphedin sin kamp mot Jutul som gjekk før oss. Dei vant den 5-0 og var eit godt lag, noko 3. plass i 1. divisjon i Telemark i vår skulle underbygge. Dei hadde nok vurdert det slik at sjansen for finale var stor etter at alle 4 lag hadde spelt ein kamp kvar og sparte noken av sine beste frå start mot oss. Vi er bare 12 på cupen og kunne ikkje spare på noke:-). Etter enorm innsats av alle 12 skapar vi dei 4-5 største sjansane i kampen. Inkludert i dette eit brent straffespark. Julie har dei øvrige og setter den eine. Fullt fortent seier til oss, men det blir nok ein tøffare kamp i morgen i den sannsynlige finalen. Skarphedin får ta favorittstempelet med heimebanefordel og litt meir krefter igjen:-).
 
 
Heile ettermiddagen har blitt nytta i Bø Sommarland der jentene har storkost seg i nærmare 30 varmegrader:-). I kveld blir det pizza på fjøset (Pizza Fjoset).
 
Allerede kl 08.00 går siste puljekamp mot Jutul fra Oslo. Denne har ingen innvirkning på kva lag som går til finale.
 
Finalen går på Sandvin kunstgras kl 16.00.
 
Kuriositet:
For ganske nøyaktig 5 år sidan hadde undertegna eit J14-lag (1999/2000) i finale i Bø Cup....... Motstandar var Skarphedin......resultatet har eg fortrengt:-) (tap 0-1).
 
 
Statusrapport frå Per Einar (Bjørn er i vannsklia:-))
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart