Trio J14 til topps i Bø Sommarland Cup! |
 | | Jublande J14 lag i gull t-skjorter etter seier i Bø Sommarland Cup |
|
| |
| Bø Sommarland Cup sin J14 klasse inneheld normalt 8 lag fordelt på 2 puljer, der vinnarane møtes i finale søndag. I år var det dessverre berre 4 lag. Speleprogrammet blei likevel nesten identisk, forskjellen var at vi som puljevinnar møtte nr. 2 i pulja til ny dyst i finalen søndag. Det vart mot eit bra heimelag, Skarphedin, som ligg topp-3 i 1. divisjon Telemark. Den VILLE Trio jentene vinna - og gjorde det etter 2 typiske 'spiss-mål' av vår storscorar Julie Soma Ersland og bånnsolid forsvarsspel av heile laget. |
| |
 | | 4 mål på 7 minutt av Malene då ho spelte spiss mot Jutul! I tillegg holdt ho nullen i målet heile helga. |
Før finalen på ettermiddagen, skulle vi spela siste puljekamp mot Jutul frå Oslo kl 08.00 på morgon. Med vår spiss Julie som keeper fra start og Malene som spiss, skulle vi prøve komme oss gjennom denne uten skader og bruke mist mulig krefter. Jentene, og malene i særdeleshet, klarte ikkje holde heilt igjen. Utåker jenta Malene knalla like godt inn 4 mål på kampens første 7 minuttar! Med sin store hurtighet parkerte ho Jutul forsvaret gong etter gong. June Marie måtte også sparast litt til finalen og stod i mål i andre omgang. På sparebluss ordna jentene 2 mål til ved Cecilie og Julie og sluttresultatet vart dermed 6-0. |
| |
 | | Astrid leverte ei flott turnering, men måtte stå over finalen med vondt kne | Så var det tid for finale! Vi hadde unngått alvorlige skader gjennom heile puljespelet og hadde lagt ein slagplan for finalen. Men på oppvarminga like før kamp blir det kaotisk då Astrid får ein liten vridning i eit kne og får ein ispose. Ida og Cecilie slit og litt, men vi klarar akkurat å mønstra 11 jenter til start. |
| |
 | | June spelte sitt livs kamp i finalen mot Skarphedin |
Relativt kraftig motvind i første omgang hindrar ikkje våre jenter å ta initiativet i kampen. Eit relativt jevnt trykk omgangen gjennom betalar seg då Julie får ei lang tå på ballen til 1-0 ledelse. Herlig start! Vi kjører på videre og June Marie lader kanona frå ca 18 meter. Eit bra skudd som keeper må gje retur på. Der er både Synna og Julie før noken frå andre laget og Julie sett ballen kontant i mål med venstre foten, til 2-0 like før pause. |
| |
 | | Aurora med sin beste kamp til dato, flott timing å gjere det i ein finale! |
Uten innbyttarar, med 2-0 ledelse og medvind i andre omgang, er det snakk om å unngå å 'lage' målsjanser imot i 15 minuttar. Vi velger å ligga noko lavt, stenga rom og redusera behov for mykje springing. Det ender med masse dødballer og innkast, men Skarphedin skaper ingenting mot eit aggresivt og kompakt Trio lag. Vi kontrollerer enkelt inn og dermed turneringsseier for glade jenter! |
| |
 | | Julie putta 2 og fekk bestemannspremien av egen jury i finalen |
|
| |
Ein egen jury kåra forøvrig Julie til finalens beste spelar og ho fekk ei fortent utmerking for det. Før kamp hadde vi snakka om å stoppa kantane til Skarphedin, som var gode. Her gjorde June (Hammer), Aurora, Ida og Cecilie ein kjempejobb på back og kant og nøytraliserte kantspelet. Dette var avgjerande for utfallet slik vi vurderer det. Spesielt imponerte June som vart kasta inn rett før start for ei skadd Astrid og leverte sin beste fotballkamp til dags dato. Herlig June! |
| |
Bjørn måtte dessverre reise før finalen pga jobb. Takk til Kristine som steppa inn og bidrog med sin kunnskap og sitt engasjement på linja! |
| |
Ei fantastisk helg i Bø i strålande vær for ein stor Trio J14 delegasjon. Sosialt, mykje moro i Sommarland og gode prestasjonar og glede på fotballbanen! |
| |
|
| |
Bjørn & Per Einar:-) |
| |
| |
|
|
|