Sterke Haugar 1 blei for gode for Trio J14 |
 | | Haugar 1 og Trio J14 fornøgde etter 2 flotte timar på Sakkestad kunstgras. Haugar jentene var sterkast og vant kampen 3-0. |
|
| |
J14, juni 2018: 1. div Rogaland (Nord), Haugar 1 - Trio 3-0 (1-0). J13, april 2017: Haugar 1 - Trio 15-0 (Zinken Cup).
For 14 månader sidan i Odda møtte ei ny spelargruppe i Trio Haugar 1 i J13-klassen i Zinken Cup. På 40 minuttar fekk vi 15 baklengs og kom knapt ut av eget forsvar. Vi tapte den gong 15-0. I dag var det KAMP i 70 minutt. Haugar var fortsatt best og vant fortent 3-0, men du verden for ein framgang Trio laget har hatt på desse 14 månadane. Og Haugar trenarane nekta å tru at det var samme laget som dei hadde møtt i Odda:-) |
| |
 | | Glimrande kamp av 12-åringen Angelica mot svært gode 14-åringar frå Haugar | Flott ramme og atmosfære på kampen. Innmarsj til hymne over anlegget og opprop av alle spelarar. Nett så i Tippeligaen! Kampen blei og filma og vi får kopi av den:-). |
| |
 | | Flott jobb på venstrekanten av Ida |
Vi visste vi skulle opp mot eit spelande og godt teknisk lag. Likevel ønska vi å prøva å stå høgt i medvinden i første omgang. Vi er nær ved å lykkes fleire gonger i starten med dette. Vi skaper den første sjansen gjennom et oppspel på Julie på venstre sida. Julie rekk ballen nær dødlinja, drar seg utover og får skutt, corner til Trio. Gradvis utover i omgangen løyser Haugar det høge presset bedre og bedre og vi etterlater dermed store rom bak pressleddet. Imponerande ballkontroll og teknikk på Haugar jentene då dei med flott pasningsspel broderte seg ut av jerngrepet vi prøvte å ta på dei. |
| |
 | | God 2. omgang som indreløpar av Ellinor |
Forsvaret og ei god Malene ryddar imidlertid opp i fleire overtall situasjonar for Haugar. Første halvtimen teller vi 2-2 i målsjanser med Cecilie sitt skudd på utsida av krysset frå skrått hald. Så skal ei skolisse få innvirkning på kamputfallet. 2-3 minutt før pause får Haugar corner. Malene ser ei åpen lisse og knyt den. Lagvenninnene er meir opptatt av dette enn å markere og når corneren går er Malene knapt på plass i mål og markeringa svært mangelfull. Då smell det fort på dette nivået og dermed 1-0 til pause til Haugar. Ein bra gjennomført omgang med eit noke unødig baklengsmål rett før pause. |
| |
 | | Synna kjempa med stort hjerte mot ein svært god sentral midtbane hos heimelaget |
Skryt til jentene i pausen. Vi er enig om å legga oss lavare i andre omgang for å gje det fintspelande Haugar laget mindre rom. |
| |
|
| |
Det meir kompakte laget fungerer svært bra og Haugar produserer lite mot eit godt organisert Trio lag. Det glipp ein gong då ein Haugar spelar er litt heldig og får ballen mellom beina på kaptein Ingeborg som er på rett plass i duellen. Ho kjem dermed åleine med Malene og scorar sikkert. Vi produserer mindre sjølv i andre omgang, men blei muligens snytt for ein straffe då Cecilie bryt gjennom på høgre kant. Kjem seg foran siste forsvarar og skal avslutte. Plutselig ligg ho flatt etter noko som for oss (med raude og blå Trio-auge frå langt hold) ser ut som ei felling. Det står og vippar og er KAMP heilt inn, men nådestøtet kjem då eit innlegg frå venstre ender opp i lengste hjørnet utagbart for Cecilie som sto i mål siste 15. Det endar då med fortent 3-0 seier til eit Haugar 1, som etter vår vurdering er det beste laget vi har møtt i år. |
| |
Kjekt å sjå 12-åringen Angelica og 13-åringen Ellinor i dag. Angelica spelte kjempebra på høgrebacken og Ellinor viste meir og meir igjen på midtbanen. Veldig bra jenter! |
| |
Dermed er vårsesongen over. Vi var spente på om vi hadde kasta jentene til ulvane med å melda dei på i 1. divisjon. Når det så ikkje var elitedivisjon over, blei vi enda meir usikker. Vi skulle då opp mot alle dei beste laga frå denne sida av Boknafjorden. Men jentene har gjennom 8 kampar vunne 3, spelt ein uavgjort og tapt 4. 10 poeng gir 6. plass av 9 lag. Vi har ikkje blitt utspelt av noke lag og tapte kun 0-1 mot puljevinnar Kopervik. Dette kan jentene med all grunn vera stolte over og kjempefornøgde med:-) |
| |
No tar vi ei FRIVEKE frå fotball og får unna noken skuleavslutningar og slikt. Deretter kjører vi på med ei trening i veka ut sommaren der dei som er heime og har anledning møtes og spelar fotball med 2 lag og kosar oss. Vi har tross alt 3 mål til å ta igjen av dei 15 Haugar var bedre enn oss for litt over ett år sidan:-) |
| |
Laget i dag: Malene, June, Ingeborg, Ariana, Astrid, Ida, June Marie, Linnea, Synna, Cecilie, Julie, Angelica og Ellinor. |
| |
|
| |
Kristine & Per Einar:-) |
| |
|
| |
|
| |
| |
|
|
|