Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ikkje akkurat Jondal...

Klikk på bilete for full storleik
Trio G12 Husnes møtte eit stjernespekka lag på Kvednabekkjen i dag. Alle foto: Lindy Hjelmeland Naterstad.
 
G12: Gutane hadde fått lovnad om treningskamp mot Jondal, sidan seriekampane var tidleg ferdige. Men det var ikkje akkurat jondølar som sto på motsett halvdel, men vel oppdressa mødre og fedre. Alt låg til rette for ein forrykande batalje. Og det vart det. For stemninga sin del var det sikkert greitt at gutane vann til slutt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Christian var frodig.
Men i starten var dei vaksne mest på hugget. Christian var blendande med sine formidable daier, og scora vel dei tre første, slik at foreldra leia tre gonger i første omgang. Men gutane hadde ein lei tendens til å utlikne. Utover i andre omgang tok Geir Øystein, dog langt mindre velutstyrt oventil, over målscorarjobben og sørga for at foreldra leia lenge. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kokosmacronane såg meir normale ut.
Men etter kvart kom det til syne at gutane hadde ørlite meir kondis enn dei gamle. Apekatten vaste rundt i ørska og Egil gispa faretrugande etter pusten då gutane, anført av ein målglad Noah, snudde kampen. Det må leggast til at gutane i store delar av kampen lurte foreldra ved å snike innpå både ein og to ekstra spelarar (på oppmoding frå assistenttrenaren). 
 
Klikk på bilete for full storleik
-Kva i alle dagar er detta, kunne Martin lure.
I sluttminutta var det vel oppimot 15 spelarar frå begge lag på banen og det totale kaos braut laus. Gutane fekk likevel siste målet og vann til slutt 7-5. Ein stor takk til dommar Omid, som etter beste evne prøvde å halde galskapen i tømmene.
Kjekt var det i allefall :)
 
Vi køyrer på med treningar utover sommaren, og dei fleste gutane skal også vera med på fotballskulen i neste veke.
 
- Assistenttrenar og apekatt Are
 
Klikk på bilete for full storleik
Alle skal med!
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart