Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Gjennomsnittskamp

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Bremnes2-Trio2 4-2. Gutane på 17-årslaget avslutta vårsesongen med gjennomsnittsresultatet for vårsesongen. Vi har hevda oss godt mot eldre motstand i vår. Spelt jamnt med alle, men som regel kome litt til kort i målprotokollen. Scora i snitt 2, og sluppe inn i snitt 4. Så også mot Bremnes.
 

På ein fin grasbane på sentralidrettsanlegget på Svortland gjekk vi friskt ut og hadde kommandoen i starten av kampen. Både Ruben, Mathias og Daniel hadde gode sjansar utan å lukkast, medan Aref rydda opp med ein flott parade den eine gongen Bremnes var gjennom. Og vel midt i omgangen gjekk vi i føring då Espen sendte i veg eit skot som keeper slo i tverrliggjar og ned på streken. Der var Sander på plass og kjempa ballen inn, men Espen har allereie kravd å få Hawkeye i sving for å avgjere om ballen allereie var inne. 0-1 til oss uansett.

 

Men det gjekk ikkje lenge før Aref var for brutal mot spissen som var først på ball. Straffe, 1-1 og like langt. Bremnes hadde nokre gode sjansar mot slutten av omgangen, blant anna ei heading i stolpen. Men uavgjort midtvegs.

 
 

Etter kvilen starta vi igjen best. Fine kombinasjonar mellom Samson og Sander før Ruben avslutta rett på keeper, Mathias med eit flott innlegg der Daniel ikkje fekk dreis på headinga, og Ruben med eit langskot i stolpen, som Daniel dundra returen høgt over på. Men mål vart det ikkje. I staden var vi på ny for hardbare i eige felt. Edvin taklar knallhardt, først på ball, men mannen blir i høgste grad med. Ergo ny straffe og 2-1 til heimelaget.

 

Med det gjekk lufta litt utav oss ein periode og Bremnes får 3-1 på corner og 4-1 på litt for enkelt vis. Likevel hevar vi oss på slutten og får ei redusering når Ruben legg inn til Daniel, som er kontant framom mål. Dermed 4-2, og nesten skyt ikkje presten i vesten, som det heiter(?) Tarmo og Edvin er solide for oss i midtforsvaret, medan Espen kanskje er vår bestemann, denne gongen som indreløpar. Totalt sett ein kamp på det jamne. God innsats, men litt å gå på i presisjonen.

 

Det vart også siste kamp for vårsesongen, då morgondagens hengekamp mot Stegaberg på ny er utsett, då bortelaget ikkje kan stille. Vi gjev dei ein sjanse til i august.

Kampfakta frå Sentralidrettsanlegget gras

Bremnes2-Trio2 4-2 (1-1)

0-1 (25 minutt) Sander Dolonen Brækken

1-1 (28 minutt) straffe

2-1 (62 minutt) straffe

3-1 (70 minutt)

4-1 (73 minutt)

4-2 (77 minutt) Daniel Sørtveit

 

Gult kort: Mathias Gjelseng og Espen Aakre Sjo, 2 til Bremnes.

 

Trio sitt lag:

Aref Hosseinizada (Tormod Sund Vårdal frå 45 min), Simen Hellevik Lie (Jonas Teigen frå 32 min), Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Ruben Saug, Daniel Sørtveit, Sander Dolonen Brækken, Mathias Gjelseng (Simen frå 70 min).

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart