|
G17: Knapt tap i første kamp | | | | | Norway Cup, G17: Trio-Jotun 1-3. Små marginar og Jotun var litt kaldare i avgjerande situasjonar i første kampen. | | | Opningskamp i Norway Cup og første gong Trio stiller lag i G17-klassen. Motstandar var frå ei anna aluminiumsbygd, Årdal. Dei har to lag i serien i G15-17, og stiller eitt lag i G15, medan vi møtte 16-17-åringane. Vi antok ein jamnbyrdig motstandar, men skulle gå ut i hundre og vel så det. | | | Det klarte vi ikkje så mykje som vi hadde håpa på. Litt nølande og løpa starta oftast i det ballen vart slått, ikkje før. Men ok kontroll bak og ein sjansefattig omgang. Jotun hadde nokre daudballar, medan Sander missa på vår støste sjanse då Mathias slo eit nydeleg innlegg bak forsvaret. Men mållaust midtvegs. | | | Dårleg start på andre, med mål i mot i første minutt. Vi missar dekkinga på eit frispark. Så då måtte vi jage. | | | Og det gjorde vi ganske bra. Fekk kantane litt tidlegare opp og betre trykk framover. Daniel var nær å få straffe, men ballen gjekk vidare til Said, som fekk to sjansar men kun corner i premie. Stor sjanse også på corneren. Så fekk Espen sin sjanse på frispark frå Jonas. | | | Nye store sjansar ved Ruben etter vegg med Daniel og ikkje minst ved Daniel som var åleine gjennom etter stikkar frå Espen. Men når vi ikkje har marginane med oss på slike sjansar, er det typisk at motstandaren kontrar. Dermed 0-2. Vi heldt fram med å skape sjansar. Både Sander, Daniel og Tarmo kunne scora. Vi la om til 3 bak og endeleg lukkast vi tre minutt før slutt. Eit flott angrep der fleire hadde sjansen, før Samson banka inn reduseringa. | | | Då var det berre å kaste seg i angrep diste minutta, men i staden kontra Jotun inn 1-3. Skit au, halvbra kamp av oss, men ikkje riktig nok. I morgon møter vi det antatt sterkaste laget, Djerv 1919. På Abildsø kl 18. | | | Kampfakta frå EkebergG17: Trio-Jotun 1-3 (0-0) 0-1 (31 min) 0-2 (53 min) 1-2 (57 min) Samson Nyrud Uppheim 1-3 (59 min) | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Ole Martin Byrknes, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Tormod Sund Vårdal, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken, Jonas Teigen, Ruben Saug, Said Mohammadi. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |