Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Marginar i mot, igjen

Norway Cup, G17: Gratangen-Trio 3-1. Jamn kamp for 17-årsgutane, men heller ikkje i dag hadde vi marginane med oss.
 

Gratangen frå Troms, klubben til ex-landslagstrenar Per Mathias Høgmo, mønstra eit lag med flyktningar. Kjappe, tekniske spelarar med godt tempo på ballen. På ein veldig ujamn bane på Rustad vart det ein jamn og oppjaga kamp med stor intensitet og temperatur. Kjekt å sjå skikkeleg tenning i gutane :)

 

Vi hadde dei beste sjansane i starten. Said nære på på bakre stolpe, men keeper vann duellen. Daniel gjekk av ein mann, men skaut like over. Gratangen fekk offsideanullert ein ball i nota, og gjekk i føring på ein stuss i bakrom etter oppspel bakfrå. Surt og litt for enkelt. 0-1 etter første 30 minutta. 

 

Sur start på andre då vår keeper Aref blir avblåst om lag utan å vera borti motspelaren. Ein dose filming, straffe og sågar gult kort. Og 0-2. Etter det vart det hektisk og oppstykka. Daniel med ein god sjanse, men i staden 0-3 på eit sjølvmål. Vi trykka på, men det vart med Ruben si redusering etter ein dobbelsjanse. Assist: Espen(!) Sander hadde også ein ball inne, men avblåst for offside. 1-3 og B-sluttspel på oss. Samt A til jublande tromsværingar.

 

Då blir det mexikansk motstand på E32 på Ekeberg i morgon kl 17.15.

 
 

Kampfakta frå Rustad

G17: Trio-Gratangen 1-3 (0-1)

0-1 (18 min)

0-2 (33 min) straffe

0-3 (49 min)

1-3 (54 min) Ruben Saug

 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Ole Martin Byrknes, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Tormod Sund Vårdal, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng, Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken, Jonas Teigen, Ruben Saug, Said Mohammadi.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart