|
G17 mot eksotisk motstand | | | | | Norway Cup, G17: Trio-Club Reforma 0-1. Det vart mexicansk motstand for Trio G17 i B-sluttspelet. Såg laget tape ein kamp i går og det var lett å sjå at her kunne det bli temperatur. Og varmt var det i allefall. I steikande sol på Ekebergsletta vart det ein fartsfylt kamp med enorm intensitet. Sjølv om vi tok ut alt, så endte det med 0-1 og exit. | | | Vi ønskte å gå aggresivt ut og ta styringa i kampen. Stå opp i midtbaneleddet og få kantane tidleg opp i bakrommet. La om litt i formasjonen på midten og spelte med to indreløparar i dag, Espen og Ole Martin. Lynraske Daniel vart flytta ut på kanten, og ikkje mindre raske Ruben på motsett. Vi gjekk også friskt ut og ballen var mest inne på mexicanarane sin halvdel i starten. Ruben hadde vår beste sjanse, då Simen spelte han fri på høgre, men skotet gjekk utanfor langhjørnet. | | | Sidan var kampen tett og sjansefattig, men med veldig trøkk i duellane. Ei humpete matte innbytte ikkje til finspel, og våre tekniske spelarar som Daniel sleit med å kome til sin rett offensivt. Fem minutt før første omgang var ute fekk Club Reforma ei scoring. Ein spelar fekk gå litt for fritt etter kommunikasjonssvikt hjå oss. | | | Dermed vart det ein ny kamp med jaging. Utover i andre omgang brukte mexicanarane dei fleste knepa i boka og ein stødig kvinneleg dommartrio løna dei med tre gule for ymse slike. Men dei lukkast også med å hindre raske overgangar for oss. Og på dei faste situasjonane vart vi ikkje presise nok, så vi kom til få store sjansar. Defensivt hadde vi god kontroll inntil vi på tampen tok store sjansar for å jage utlikning. Men det vart berre med nesten. 0-1, og årets Norway Cup-turnering er over for vår del. | | | Imponerande innsats i varmen av samtlige gutar. Vi skal vera nøgde med å ha levert gode kampar mot alle laga, utanom då vi vart spelt ut av formidabelt gode Djerv 1919. Det blir artig å sjå kor langt dei når, underteikna reknar dei som favoritt til pokalen.
Kampfakta frå EkebergG17: Trio-Club Reforma 0-1 0-1 (25 min) | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Ole Martin Byrknes, Daniel Sørtveit, Sander Dolonen Brækken, Ruben Saug, Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Said Mohammadi. | | | - Trenar Are Ulseth
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |