|
Kampoppsett Rema 1000 Husnes Cup 2018 | | Det er halvanna veke til årets Rema 1000 Husnes Cup. Helga 17.-19.august brakar det laus i Husnes idrettspark. 73 lag er påmeldt og 182 kampar skal spelast. Vedlagt er kampoppsett. 15/8: No er også cupprogrammet lagt ut, sjå nederst. | | | Vedlegga er nederst i artikkelen. Det er ingen endringar i kampoppsettet. Litt om ulike aktiviteter som er tilgjengeleg under cupen: | | | I idrettsparken har vi ein liten skaterampe, ein ny pump-track (for til dømes sparkesykkel), og det er ein 'Tuftepark' med ulike apparater. Samt ein sandballbane, der ein kan spele både fotball, handball og volleyball. | | | Under cupen satsar vi elles på å få ein fotball-laser, der ein kan teste skuddstyrken sin (20 kr pr tre forsøk) og eit hoppetelt. | | | Fredag 17.august 17.00 Sekretariatet opnar i Triohuset (tlf. 93 67 99 80) 19.-21 Grillkos ved Cup-teltet, quiz i cupteltet 23.00 Sekretariat stenger 23.30 Det skal vera ro på skulane! | | | 08-09.30 Frukost serverast i Cup-teltet. 10-12 / 13-15 Fotografering i teltet mellom Triohuset og grasbanen, følg orientering frå speaker 11.55 Oppstilling til opptog frå Cupteltet til offisiell opning på Torgplassen i Husnes sentrum 13.10 Kampane startar igjen 13.30-15 Middag blir servert i Cup-teltet. 17.00-19 Kvelds, brødmat serverast i Cup-teltet 19.00 Kampane slutt for dagen. 20.00-22.30 Diskotek i gymsalen. 21.30-22.30 Leiartreff i Triohuset (på Trioloftet). 23.30 Det skal vera ro på skulane! Søndag 19.august 08.00-09.30 Frukost serverast i Cup-teltet. 12.00-14.00 Middags-servering i Cup-teltet. 12.00-15.00 Utdeling av deltakarbevis og diplom ved Cup-teltet etterkvart som laga er ferdige med kampane sine. Laget som vinn fair play-prisen får dette utdelt ved si premieutdeling.
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |