|
Solid siger i hengekamp | | | | | G19: Trio2-Stegaberg 4-0. 17-årsgutane innleia haustsesongen med ein hengekamp, sidan Stegaberg ikkje fekk til å stille til dyst på Husnes i vår. Det vart ein solid kamp frå vår side, og vi bygde vidare på det vi var gode på i Norway Cup. I tillegg fekk vi det som mangla i Oslo, tidleg utteljing i målprotokollen. | | | Stegaberg var eit robust lag der halve laget er 19-åringar, medan vi altså er førsteårs juniorar. Vi har likevel vist i alle vårkampane at vi har teke store steg på å ville gå i duellane, og det klarte vi også i dag. I tillegg fekk vi ei pangopning, då Ruben knalla eit frispark frå 25 meter ned i hjørnet allereie i opningsminuttet. Det seinka skuldrane. | | | Sidan heldt vi eit godt tak på kampen og var først i duellane og på andreballane, slik vi snakka om før kamp. Mathias var nær ved å score med venstreslegga(!), Tarmo hadde ein stor sjanse på eit innlegg og kort etter stupte Daniel fram på eit innlegg, men kom akkurat for seint og skalla i stolpen i staden. Vi skapte fleire brukbare sjansar og klarte å kome til fleire innlegg enn i tidlegare kampar. Då vert det også fleire sjansar. Både Benjamin og Daniel hadde også eit par moglegheiter, før Aref var sikker på Stegaberg sin eine store sjanse kort før pause. | | | Mykje bra å ta med vidare i andre omgang. Daniel opna den med å gå av to mann og smelle ballen i tverrliggjaren. Og ikkje lenge etter kom 2-0, då Sander knea inn eit frispark frå Jonas. Sander var ei skikkeleg urokråke på topp og plagde til tider vettet av stopparane til bortelaget. Kvarteret ut i omgangen vart han også lagt i bakken i feltet, og då var Daniel sikker frå straffemerket. 3-0. | | | Midt i omgangen fekk vi også 4-0 på eit herleg angrep. Daniel førte fram og serverte Ruben på venstrekanten. Han fauk forbi backen og rulla inn til Sander, som dytta i tomt mål. Resten av omgangen vart det litt meir rotete og ein god det byter hit og dit, men på overtid skulle vi vel like fullt hatt ny sjanse frå straffemerket. Ruben vart opplagt felt, men dommaren fann etter ein tenkepause ut at det var like greit å blåse av kampen. Skit au. | | | Ein solid kamp av oss, men meir å gå på. Vi tok med oss mykje av det som var bra i Norway Cup, men også i litt for stor grad spel opp i lufta grunna ujamne banar. På kunstgras treng vi ikkje det, og vi må få meir av grunnspelet ned på bakken. Det kom seg utover i kampen, og vi satsar på å betre oss på det. | | | Neste veke ventar bortetur til serieleiar Ølen.
Kampfakta frå KvednabekkjenG19: Trio2-Stegaberg 4-0 (1-0) 1-0 (45 sekund) Ruben Saug 2-0 (51 minutt) Sander Dolonen Brækken 3-0 (62 minutt) Daniel Sørtveit (straffe) 4-0 (68 minutt) Sander Dolonen Brækken | | | Dommar: Steinar Sæther, Odda Ingen kort. | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Ruben Saug, Sander Dolonen Brækken, Mathias Gjelseng, Benjamin Skarveland, Jonas Teigen, Tormod Sund Vårdal. | | | - Trenar Are Ulseth
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |