Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J14 klar for haust-sesong i tøff 1. divisjon

Klikk på bilete for full storleik
Tøff motstand i 1. divisjon i haust for Trio sitt J14 lag
 
Trio J14 gjorde sakene sine så bra i 1. divisjon Rogaland i vår at plassen i haust vart sikra, medan 3 andre lag vart flytta ned til 2. divisjon. I haust skal ein dermed møta dei 5 som kom over oss på tabellen i ein dobbel serie. Ein STOR utfordring med 10 kampar mot lag som var bedre enn oss i vår. Med andre ord: ALT å vinna og ingenting å tapa:-)


 
Klikk på bilete for full storleik
Emma er tilbake i trening etter kneskade og ser fram til kampar igjen
Onsdag kveld 18.00 går fløyta på Bømlo for første seriekamp i haust for Trio sine lovande 14-års jenter. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Aurora avslutta våren sterkt og blir viktig brikke i Trio forsvaret i haust
Motstandar er Bremnes og tilsvarande kamp i vår enda med 7-2 seier til gultrøyene etter at det hadde stått 2-2 litt uti 2. omgang og kampen var noko jevnare enn sluttresultatet skulle tilsei. Jentene har fått trent brukbart med ei økt i veka gjennom heile sommaren og normal trening frå starten av august. Onsdag går dei på banen med trua på poeng, så får vi sjå kor langt det rekk:-).
 
Klikk på bilete for full storleik
Storspel i vår av midtstoppar Ariana, no blir det endå tøffare motstand å bryna seg på
Det er vår ambisjon at ALLE J14 sine kampar i haust skal bli oppdatert på IL Trio Liveoppdatering på Facebook. Så følg med frå kl. 18.00 onsdag.
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart