|
Svak 1. omgang ødela for J14 mot Åkra |  | | Svak første omgang ødela for Trio jentene i kveld |
| | | J14, 1. div Rogaland, Trio - Åkra 2-4 (0-3).
Eit skadeplaga Trio lag tok onsdag kveld imot formlaget Åkra til dyst på Kvednabekkjen. Årets svakaste omgang av jentene i første omgang var nok til at Åkra fullt fortent tok sin tredje strake siger. Beholdninga vår må vera at vi reiser oss og leverer ein brukbar sluttomgang som vi og vinner 2-1. | | |  | | June Marie er i slag for tida og var vår beste i dag. Scora og det første målet. | Dei svært stabile jentene våre hadde ein kollektiv 'av-dag' i første omgang i dag. Om det var fråværet av Julie og Leah som spelte inn veit vi ikkje, men kollektiv kollaps er vel dekkande. Det meste svikta og det er egentlig bare å forbigå den omgangen i stillhet og gløyma den. | | |  | | Cecilie prøvte i første og leverte ein god omgang som keeper i andre |
Den sleipe ballen skal ta sin del av skylda, men langtfra alt. Vi bommer og sleiver alt for mykje, ingen tør ta ned ball og spele, vi taper dueller, personlige feil, ligg feil på markering, etc, etc. Når alt dette kjem på ein gong får ein noken i sekken på dette nivået - og det fekk vi. Fullt fortent 3-0 ledelse til Åkra til pause. | | |  | | Linnea hadde 2 store muligheter i dag som kunne gitt 2-3 |
I pausen prata vi om 2 ting. For det første at vi faktisk må PRØVE å SPELE, ikkje SPARKE. Det andre var at vi skulle ha mål om å minst klare uavgjort i andre omgang. | | |  | | Synna la ned stor jobb og skaffa laget ein straffe |
Vi får akkurat den starten vi ønsker på andre. Allerede etter 2 minutt trøkker June Marie til og vinner ball i feltet. Kjem seg fri og avsluttar kontant i nota til venstre for målvakt. Vi håpar at dette skal gi ein boost og storoffensiv fra jentene. Dette klarar vi delvis og vi har 2 store sjansar ikkje lenge etter på dødball ved Linnea til å redusera ytterligare. Hadde vi fått 2-3 der kunne dette for endt med poeng. | | | I staden kjem det eit 'drypp' frå første omgang med ubesluttsomt forsvarsspel og då blir det 1-4. Synna kjempar like før slutt skulder-mot-skulder med ei Åkra jente i feltet. Kjem seg dei nødvendige centimeter føre og blir deretter klipt ned bakfra. Soleklar straffe som Emma sett i mål via keeper. Deretter bles kampens svært så gode dommar, Kristian Steinsvik frå Rosendal, av kampen. Her har Rosendal fått fram eit nytt dommartalent, imponerande god dømming og masse skryt frå jentene og oss til Kristian etter kampen. Deg låner vi gjerne igjen:-) | | | Dermed klarer vi i alle fall målsettinga vi sette oss i pausen, etter at vi 'ga bort' kampen med prestasjonen i første. Vi vinn omgangen 2-1 og presterer ein del bedre. Vi viser og at vi med ein meir 'normal' eller middels første omgang hadde vi fort hatt både 1 og 3 poeng i denne kampen. Greit å ta med seg det og:-). | | | Sophie Mehri (13) debuterte (?) for J14 i dag og var frisk og uredd. Klarte seg veldig bra, flott jobba Sophie! | | | Laget i dag: Malene, June, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea June Marie, Ida Helen, Emma, Sophie. | | | | | | | | | Kristine, Bjørn og Per Einar. | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |