|
Ikkje vore med på verre | | | | | G19: Solid-Trio2 5-2. Etter snart to tiår som fotballtrenar, har underteikna vore med på litt av kvart av ver, men kveldens kamp i ausregn og storm i Sagvågen tok kaka. Det var kort oppsummert ikkje forhold for fotball i det heile og det som kunne vore ein god kamp mellom to gode lag, vart heilt øydelagt. 12 minutt før full tid fann dommar og trenarar ut at no var det alldeles for gale, så kampen vart blåst av før tida. | | | Teikna var vel der allereie før kamp. J14 hadde utsett sin kamp, vermeldingane lovte orkan i kasta og på veg over til Stord måtte ferga gå til Valevåg, då det ikkje var råd å legge til på Skjersholmane. Dermed vart vi også litt forsinka.
| | | Solid er blant dei beste laga i serien, og sikkert dei med høgast offensivt toppnivå. Men vi var budd på å gjere ein god innsats etter ein solid kamp på Sveio sist. Vi gjekk også rett i strupen på Solid og allereie 31 sekund ut i kampen hadde vi fått ballen i nota. Eit flott angrep, som endte med at kaptein Espen stupte framom keeper og stanga inn Daniel sitt gode innlegg. Herleg!
| | | Men, det var vi som hadde kraftig motvind i mot i første omgang. Dermed vart det tungt å spele seg ut bakfra og Solid klarte å etablere eit godt press. Dei hadde ein i stolpen, men spelet var relativt jamnt første kvarteret og Sander fekk to gode sjansar mot tomt mål etter at keeper var på bærtur. Men heimelaget vart redda av vinden ved begge høva.
| | | Utover i kampen vart trykket i mot stadig større og utlikninga kom midt i omgangen. Vi sleit særleg på cornerar og det var på ein slik 1-1 kom. Solid scora 4 mål til før pause og to av dei kom også etter corner. Vår beste sjanse fekk Daniel, då vår bestemann Ole Martin raida opp langs venstrevingen og la inn. Daniel runda keeper, men kom for skrått, så skotet rulla langs streken og ut på andre sida.
| | | 5-1 til pause, etter ein sti tørn i motvinden. Trøysta var at no skulle vi ha medvind. Og det vart ein heilt anna kamp. No var det vi som hadde overtaket, dog ikkje like mykje som Solid hadde før pause. Men sjansane kom på løpande band. Benjamin flikka fri Sander som fyrte av og sendte keeper i full strekk. Og nokre minutt etter reduserte Ole Martin, då han kom gjennom og var kald med venstreslegga. Så sendte Rasmus fri Sander, men denne gongen streifa skotet utsida av stolpen. Og Mathias braut høgt i banen og skaut i nettveggen via ein Solid-fot.
| | | Etter kvart klarte Solid å demme meir opp, samstundes som vi vart litt utålmodige og skaut frå litt for langt hald. Mange sjansar vart skusla bort på denne måten. Samson hadde ein susar i vinkelen og ut, men fleire mål vart det ikkje. Vinden og regnet vart berre verrre og verre og med 12 minutt att tok det seg enda meir opp. Då fann dommaren ut i samråd med trenarane at det var mest forsvarleg å blåse av kampen. Sjølv om vi kunne hatt ein sluttspurt på lager, var det ingen som sa noko på det.
| | | Dette var kort sagt i gufnaste laget. Håpar på betre forhold når Stord kjem på besøk på måndag. Takk til Ove og Are som var med som sjåførar, og ex-lagkamerat Tristan, som sørga for at ferga faktisk gjekk som ho skulle heimatt over fjorden :)
| | | Kampfakta frå Nysæter kunstgrasG19: Solid-Trio2 5-2 (5-1) 0-1 (1 min) Espen Aakre Sjo 1-1 (20 min) 2-1 (23 min) 3-1 (26 min) 4-1 (36 min) 5-1 (43 min) 5-2 (51 min) Ole Martin Byrknes
| | | Dommar: Svein Arild Kjærland, Trott Eitt gult til Solid.
| | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Vebjørn Røssland, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Ole Martin Byrknes, Rasmus Eik Sjo, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Sander Eik Vevik, Benjamin Skarveland.
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |