Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Heldt nullen!

Klikk på bilete for full storleik
 
G12: Røldal-Trio Husnes 0-10. Vi har gått frå eitt til to lag i haust, så dette vart andre bortetur til Røldal i haust. Sist gong vart det tap mot eit lag vi meiner vi er betre enn, mest fordi vi fullstendig gløymde forsvarsjobben. Så målet i dag var å halde nullen. 
 
Geir Øystein sine staute 'menn' storma ut av startblokkene og leia med 4 mål før 10 minutt var spelt. Elias og Mohammed viste mykje bra samspel, og vart mata med gode innlegg av Mikal og Noah. Samtidig klarte vi å få midtbanen til å jobbe godt defensivt og hindre gjennomspel til raske spissar. Og med banens beste Andre i slag bak, kontrollerte vi bra. Dog med ein del påminningar frå sidelinja.
 
0-6 til pause var sterkt. No gjaldt det å halde fokus på forsvarsarbeidet. Det heldt hardt, men særleg Andre og duellsterke Edvard skal ha æra for at vi klarte det. Første målet etter pause var dei flottaste. Dobbelt brødre-veggspel før Abdi dytta den i nota. Lekkert. Så avslutta Noah med ekte hat trick, slik at vi akkurat nådde tosifra. 
 
Det må vi vera strålande nøgd med. Einaste som var skuffa var Edvard, fekk ein smell i venstreneven på tampen. Det skulle helst vore skrivehanda :)
Neste veke er det to heimekampar, mot Rosendal og Odda.
 

Kampfakta frå Røldal kunstgras

G12: Røldal-Trio Husnes 0-10
0-1 (2min) Elias
0-2 (3min) Mohammed A
0-3 (7 min) Elias
0-4 (9 min) Elias
0-5 (26 min) Mohammed A
0-6 (30 min) Elias
0-7 (41 min) Abdisalan
0-8 (47 min) Noah
0-9 (52 min) Noah
0-10 (57 min) Noah

Trio sitt lag:
Gunnar Eikemo Steine, Andre Nordøy, William Heggøy, Mikal Røssland, Mohammed Aljajan, Noah Smith, Elias Ulbi, Håkon Georg Røssland, Mohammed Zekeriye, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Abdisalan Zekeriye.
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart