Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Poengdeling i målorgie

G19: Trio2-Stord2 4-4. Ein sur måte å miste sigeren på, når utlikninga kjem frå 30 meter med siste spark på ballen, men totalt sett var sikkert uavgjort greitt i ein middels kamp frå vår side. Mykje å gå på i pasningspresisjonen i dag.
 
Med ein som ikkje hadde fått med seg at det var kamp i det heile og ein annan som kom dassande inn i garderoben kvarteret for seint med ein pizza i nevane, så kan det hende vi kunne hatt ein betre inngang til kampen...
 
Klikk på bilete for full storleik
Ruben var banens beste.
Likevel tok vi føringa frå start og det tok berre tre minutt før første målet kom. Ruben sette i gong ein overgang, ut til Mohammad på venstresida som la inn. Der venta ikkje akkurat luftas baron, men derimot Daniel, som nikka elegant 1-0 i nota. 20 minutt ut i omgangen fekk vi også 2-0. Banens suverent bestemann, Ruben vann att ballen høgt i banen og vi var brått 2 mot 1. Ruben forserte og skaut sjølv, knallhardt i hjørnet. 
 
Utover i omgangen kom Stord meir med og festa eit visst grep. Eit fantastisk angrep endte med praktfull heil volley i tverrliggjar og ned. Om lag som ein generell seksuell debut: Usikkert om den var inne, men den bør telle uansett. Dommaren var ikkje enig.
 
Ruben og Tarmo fekk ein stor sjanse to mot ein, og Daniel hadde eit frispark i tverrliggjaren, medan Stord hadde ei heading på utsida av stolpen. Men 2-1 til pause etter ein god start, der Stord fekk initiativet i siste halvdel. Det måtte vi snu på, og det klarte vi bra, sjølv om vi fekk ein dårleg start på andre omgang. Vi har snakka ein del om unødvendige støttepasningar. Når vi er pressa, brukar vi støtte, men det er dumt å spele oss låge utan grunn. Og litt for ofte setter vi keeper i ein vanskeleg situasjon, slik kom 2-2 tidleg i omgangen. 
 
Så hevar vi oss og har eit visst overtak. To gode sjansar for Ruben, ved eine høvet skulle han nok lagt ut i feltet. Og Tarmo skaut over som avslutning på eit veldig godt angrep. Til slutt fekk vi 3-2, då Mathias spelte gjennom Sander, som var kontant og rask i avslutninga. Men Stord svara ei stund etter, då vi var passive på ein corner.
 
Likevel såg det ut som vi skulle klare å vinne. Mathias hadde ein frekkas frå skrått hald då keeper var på bærtur, nesten. Og Sander kom åleine gjennom og vart akkurat nok hindra i skotaugneblinken. Men Ruben skulle ha mål. Han kom fri etter ei klarering bakfra og var nådelaus. 4-3.
 
Mathias kunne også punktert kampen då Tarmo sendte han fri på høgrevingen, men skotet klarte keeper å slå til corner. Og i staden utlikna Stord med kampens siste spark på ballen, ein susar frå 30 meter. Bitter måte å miste sigeren på, men uavgjort var nok alt i alt greit. Ein ikkje spesielt bra kamp av oss, tidvis upresist og for mykje opp i lufta, sjølv om innsatsen var upåklageleg.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio2-Stord2 4-4 (2-1)
1-0 (3 minutt) Daniel Sørtveit
2-0 (18 minutt) Ruben Saug
2-1 (29 minutt) 
2-2 (49 minutt) 
3-2 (66 minutt) Sander Dolonen Brækken
3-3 (74 minutt) 
4-3 (79 minutt) Ruben Saug
4-4 (91 minutt) 
 
Dommar: Svein Arild Kjærland, Trott
Gult kort: Samson Nyrud Uppheim.
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Simen Hellevik Lie (Mohammad frå 80 min), Edvin Vågen Bjørgvik, Vebjørn Røssland, Mohammad Barakzai (Mathias Gjelseng frå 30 min), Espen Aakre Sjo (Sander frå 40 min), Samson Nyrud Uppheim, Ole Martin Byrknes, Ruben Saug, Sander Dolonen Brækken (Tarmo Tars frå 30 min). 
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart