|
J14 vann lokalderbyet mot Bremnes |  | | Jubel og glede hos J14 etter seier mot Bremnes onsdag kveld |
| | | J14, 1. div Rogaland, Trio - Bremnes 4-2 (3-0).
J14 mobiliserte på ein flott måte onsdag kveld mot Bremnes. Mykje skader og sjukdom i laget for tida, men dei leverte ein godt gjennomført match mot Bremnes og vann til slutt fortent 4-2, etter 3-0 til pause. Dermed første 3-poengaren i 1. divisjon i haust og eit godt grep om 5. plassen i den tøffe serien. | | |  | | Julie tilbake frå skade med teipa ankel og 2 flotte mål | Skader i anklar og kner, samt influensa, har vore mykje av i J14 for tida. Alle var likevel med mot Bremnes og 'skulle prøva seg'. Viljen til spel er stor, så også teip forbruket til denne kampen:-).
| | |  | | Imponerande kamp av Synna på midtbanen og flott mål også av Sunde jenta |
Vi valgte denne gong å stå 'ultrahøgt' frå start av og det betalte seg tidlig. Etter bare 3-4 spelte minutt pressar Julie fram ein feilpasning og keeper er ute av buret. Ballen går til Synna som skyt på direkten på klar oppfordring frå sidelinja. Ballen dett ned i lengste hjørnet og drømmestart for heimelaget. Vi fortsett å stå høgt og vinn andreballar og skapar sjanser. Julie, med godt oppteipa ankel, gjer ein flott enkeltprestasjon då ho skjærer gjennom på venstresida og forbi 2-3 spelarar. Åleine med keeper avsluttar ho rolig med venstre og ballen trillar under keeper og i mål. Flott mål! Ikkje lenge etter kjem Julie fri på høgre og velger å klemma til frå ca 18 meter. Knalltreff og kontant i nota til 3-0 til eit svært effektivt Trio lag. Vi slepp Bremnes til meir sjansar enn vi normalt gjer, men dei er ikkje så effektive som oss i dag. Ein relativt jevn omgang gir ein klar 3-0 ledelse til Trio jentene etter god uttelling på sjansane.
| | |  | | Venstrefot Ida Helen scora sitt første seriemål i kveld, med høgre! |
I pausen blir vi enig om å legge oss lavt og komprimere meir. Bremnes fekk for mykje rom på midten i første omgang og det måtte vi prøve å unngå.
| | |  | | Flott kamp av Aurora i forsvaret |
Vi har rimelig bra kontroll og bedre struktur i midtbaneleddet i starten av andre. Vi aukar til 4-0 etter eit flott angrep på høgresida der Cecilie blir spelt heilt fri og avsluttar med eit godt og hardt skudd i lengste stolpe. Returen er Ida Helen først på og ho scorar sitt første seriemål - og det med feil fot! Vi blir fryktelig slitne siste 10-15 minutta. Vi er og litt offensive i midtbaneleddet og får noken unødige kontringar på oss, i ein fase der vi skal kontre på Bremnes. Lysta på fleire mål var stor! Bremnes får redusert 2 gonger, men seieren var aldri trua og jentene kunne synga og feira sin første seier i haust.
| | | Synna og Julie var 'hærførere' for jentene i dag, enorm jobb på midtbanen av Synna og Julie skarp på topp etter skadefraværet. Ellers imponerte Sophie Mehri (J13) igjen i sitt innhopp på kant og spiss.
| | | Laget i dag: Malene, June, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea June Marie, Ida Helen, Julie, Emma, Leah, Sophie.
| | | Dommar Termo Tars frå Trio var lite synlig - altså veldig flink!
| | | Neste utfordring no er den utsette kampen mot Haugar 2. Den går i Haugesund på søndag. Då håpar vi fleire har rista av seg både skader og sjukdom. Deretter er det haustferie!
| | | |
| | | Kristine, Øystein og Per Einar. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |