Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

J14 sikra poeng mot Haugar2 etter god forsvarskamp

Klikk på bilete for full storleik
 
J14, 1. div. Rogaland: Haugar 2 - Trio 0-0.

I kjølvatnet av den tradisjonelle Regy Cup i Haugesund, var J14 ein snartur samme stad søndag ettermiddag for den utsette kampen mot Haugar 2. 3 av jentene hadde Regy Cup i kroppen med 5 kampar i kroppen på 2 dagar. Ein sjansefattig kamp mellom 2 godt organiserte lag enda til slutt mållaus.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp i midtforsvaret av Ariana
Ida Helen oppteken med svømmestevne i helga, ellers alle disponible. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Meget bra spel på venstreback av Aurora
Vi tapte tilsvarande oppgjer i vår med 1-4 og motstandar framsto den gong som ganske direkte med ein del lange oppspel bakfra. Basert på dette valgte vi denne gong eit veldig lavt press frå start. På den måten hindre dei rom og samtidig åpne opp bakrom for oss sjølve. Defensivt fungerte dette glimrande i første omgang. Haugar skapte ikkje ein einaste målsjanse på 35 minutt. Ei våken og god Malene bakerst var med og bidra til det. Vi evna heller ikkje skape stort mot eit Haugar lag som virka godt forberedt på vår hurtighet på topp og dei pakka Julie godt inn.
 
Klikk på bilete for full storleik
June rydda glimrande unna på høgresida i forsvaret
 
Klikk på bilete for full storleik
Kaptein Ingeborg styrte troppane på sedvanlig godt vis
Cecilie tar andre omgang i mål, utslitt som ho var etter mykje fotball i helga:-). Malene tar plass på høgrekanten og med det endå meir fart framover. 
 
Andre omgang fortsetter i samme sporet, men der det veksla litt meir i første omgang, er Haugar meir på vår halvdel i andre. Dei skapar og 2 store sjansar, eit gjennomspel med avslutning som Cecilie flott slår til corner. Så like før slutt ein heading i tverrligger etter corner. Vi evnar ikkje skapa det store framover sjølve i dag, det blir ein del nesten. For det første er det god motstand som er vanskelig å spele ut. Utover dette har vi litt lite energi til overs når vi vinn ball og blir litt for upresise i siste pasning på gode overgangar. Så Haugar var nærmast, men heller ikkje ufortent med poengdeling med så få sjansar begge veiar.
 
Heile laget jobba godt defensivt, med dei i forsvaret som dei beste i dag.  
 
 
Laget i dag:
Malene, June, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea June Marie, Julie, Emma, Leah, Annie.
 
I haustens 6 første oppgjer har vi spelt jevnt med alle dei 5 andre laga og sikra oss 6 poeng. Det er ytterlegare framgong frå i vår og det held til foreløpig 4. plass i den tøffe 1. divisjons pulja. Imponerande jenter!
 
Det er no ein utvida haustferie på 2,5 veker, med neste kamp heime mot Kopervik 17/10.
 
 
Kristine, Bjørn & Per Einar
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart