|
Noko naivt før pause | | | | | G19: Nord-Trio2 5-1. Ein relativt jamn kamp i spel, men før pause var vi litt utaktiske og gav vekk ballen ofte med upresise ballar inn sentralt. Det vart vi straffa hardt for mot eit effektivt heimelag. | | | Nord er eit fysisk sterkt lag med mange gode spelarar, men vi serverte dei unødvendig mange overgangar og let oss sjølve bli teke i ubalanse. Det var neppe saknet av kaptein Sjo som gjorde det, men heller at vi spelte mange upresise ballar inn sentralt. Nord utnytta dette og gav oss fire i fleisen i første omgang. Vi klarte å justere litt etter halvtimen og fekk meir tak på det definsive. Framover hadde Benjamin, Sander og Ruben våre beste sjansar. | | | 4-0 midtvegs var i overkant, men pausepraten gjekk på å sikre at vi korrigerte dette. Og det fungerte mykje betre etter kvilen. Betre kontroll defensivt og færre sjansar i mot. Rett nok eit baklengs på ein tabbe, men elles bra. | | | Framover skapte vi ein del moglegheiter, men ikkje veldig mange store sjansar. Sander reduserte etter pasning frå Edvin, då han gjekk av ein mann og var kald mot keeper, tunnel sjølvsagt. Sidan hadde Mathias eit par sjansar, og traff i allefall i målet attmed det vi spelte med. Samson hadde eit frispark rett utanfor og Daniel eit skot som streifa vinkelen. Alt i alt ein grei andreomgang, som endte uavgjort. Men det hjelper ikkje når vi gir vekk sigeren før pause. | | | Ny moglegheit om to veker. Då kjem Haugar på besøk. Kampfakta frå Nord nye kunstgressG19: Nord-Trio 5-1 (4-0) 1-0 (13 min) 2-0 (21 min) 3-0 (24 min) 4-0 (39 min) 5-0 (61 min) 5-1 (65 min) Sander Dolonen Brækken | | | Gult kort: Aref Hosseinizada
Trio sitt lag: Aref Hosseinizada - Simen Hellevik Lie (Mathias frå 60), Tarmo Tars, Edvin Vågen Bjørgvik - Sander Dolonen Brækken, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit (Mohammad Barakzai frå 30 min), Mathias Gjelseng (Yaserullah Tarakhel frå 30 min) - Benjamin Skarveland, Ruben Saug (Daniel frå 60). | | | -Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |