Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Meir enn vi fortente

Klikk på bilete for full storleik
Heldig siger til kokosmacronane.
 
G12: Trio Valen-Trio Husnes 2-3. Alltid kjekt med lokaloppgjer og behageleg med så kort reise til bortekamp som ein svipptur i trivelege Valeparken. Heimatt fekk vi med oss meir enn vi fortente, for særleg i andre omgang fekk vi køyrd oss skikkeleg, utan at heimelaget fekk utteljing. Vår prestasjon var heller dårleg.
 
Underteikna er ikkje særskildt oppteken av mål og resultat, og sjølv om gutane meinte at det var storstilte greier med bortesiger mot Valen, så klarte vi til slutt å bli enige om at vi kan betre enn det vi leverte i dag. 
 
Geir Øystein lova å spandere pizza på laget viss vi klarte å halde nullen i dag og gutane tok ansvar for økonomien til trenaren ved å sleppe inn mål allereie i opningsminuttet. Veldig passivt frå alle. Utanom Tristan da, som sendte Valen i føring, 1-0.
 
Så klarte vi å få eit visst overtak i kampen, men utan at vi viste fram det vi kan. Innsatsen var god og vi kom til nokre sjansar. Mohammed A i stolpen, Elias åleine mot keeper og Mikal med ein corner i tverrliggaren. Valen på si side fekk eit mål anullert for hands. Men det var først mot slutte av omgangen vi fekk utteljing. Abdi sette inn 1-1 på ein retur, men det var Mikal sitt mål. Han vann ballen høgt i banen, drog seg fri og skaut så godt at keeper måtte gje retur. 
 
Og rett før pause gjekk vi opp i 1-2 då Mohammed A dribla 3 mann og skaut frå midtbanen. Jauda, fin enkeltprestasjon, men det er ikkje slik vi ønskjer å spele fotball. Mange dårlege valg i forkant av scoringa og ikkje noko det er verdt å gje skryt for.
 
Andre omgang starta med kampens flottaste angrep. Oppspel til Vegar på topp, flott mottak og pasning ut på vingen til Mohammed A. Nydeleg innlegg og Mikal på heil volley på bakerste stolpe. Nydeleg, men like utanfor. Mikal og Vegar var blant våre beste i dag. Kjekt med ein så tålmodig venstreving som Mikal, som trufast held breidden, sjølv om han blir brukt altfor lite i spelet.
 
Resten av omgang vart ikkje mykje å skrive heim om. Valen kjempa godt og pressa oss bakover. Vi gjorde mykje bra defensivt arbeid med å blokkere og hindre avslutningar, men spelemessig var det ganske dårleg. Vi kan mykje betre enn det, men heldt likevel tett, mest grunna gode redningar av Gunnar og klassespel av banens suverent bestemann, vår midtstoppar Andre. 
 
Mot slutten var det i staden vi som scora. Brage sette inn ballen etter corner, og då hjalp det ikkje på resultatet at Valen sin Emil reduserte minuttet før slutt. Våre gutar kunne juble for ein heldig siger. Her må det trenast, om vi skal kunne yppe mot Odda og Rosendal etter haustferien.

Kampfakta frå Valeparken

G12: Trio Valen-Trio Husnes 2-3 (1-2)
1-0 (1 minutt) Tristan
1-1 (24 minutt) Abdisalan 
1-2 (29 minutt) Mohammed A.
1-3 (57 minutt) Brage K.
2-3 (59 minutt) Emil S.
 
Dommar: Hallvar Saghaug - stødig som alltid
 
Trio Husnes sitt lag: 
Gunnar Eikemo Steine, Michael Løland, Andre Nordøy, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Brage Kvandal, Noah Smith, Mohammed Aljajan, Mohammed Zekeriye, Elias Ulbi, Vegar Seljelid Joleik, Emil Gjuvsland, Jonas Hjelmeland, Mikal Røssland, Abdisalan Zekeriye.
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart