Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsbeste mot Haugar

Klikk på bilete for full storleik
 
G19: Trio2-Haugar 7-1. Vi venta tøff motstand då oppstillinga til Haugar2 var om lag identisk med laget frå sist kamp til Haugar1, men det viser seg at kveldens motstandar har så liten stall i haust at dei brukar same spelarane på begge lag. Vi vart uansett ei munnfull for mykje for haugesundarane då vi leverte ein framifrå kamp. Årsbeste og meget solid!
 
Sjølv hadde vi med alle fire vi stundom låner med frå G19, så vi var 15 kampklare mann i garderoben, sjølv om vi sparte ein framleis småsjuk Espen. Sjoen melder no at han har begynt å ta tran og er klar til dyst mot Stegaberg på fredag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Herleg vilje i 1-0-målet til Sander.
Vi fekk tidleg nokre sjansar på daudballar ved Vebjørn og Rasmus, som hadde kvar si gode avslutning. Men det gjekk til midt i omgangen før vi fekk uttelling. Underteikna har snakka mykje om at vilje og guts i duellar avgjer mykje i kampane på juniornivå, og det var første målet ein god demonstrasjon på. Rasmus vinn først eit oppspel, og spissmakker Sander D går etter andreball og vinn den duellen. Og han gjev seg ikkje med det, men gjev 100 % og kjem før keeper på neste også. Der vil Sander rett og slett meir enn bortekeeperen, og det blir han løna med scoring for, herleg!
 
Klikk på bilete for full storleik
Knallkamp av Mathias!
Ikkje berre var Sander på hugget i dag, men det var i høgste grad også venstrekant Mathias, som nok spelte sin beste kamp nokon gong. Fleire herlege bidrag frå vår raske og løpssterke mini, som nyttar eit kvart høve til å bemerke at det blir for mykje springing på ein stakkars ving i 3-5-2-formasjon. Han var nær scoring då han gjekk av to mann og sendte ein susar like utanfor motsett kryss. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Ruben. Arkivfoto i Halsnøydrakt :)
Ingen av desse karane får bestemannspokalen i dag, dog. For den går utvilsamt til ein forrykande aggresiv og iherdig Ruben. Av alle dei mange metrane han spring i ein kamp, er sikkert over 90 % av dei i maxfart. I dag var det rett og slett uråd å byte han ut, og eit helsike for motstandaren å spele mot. Første målet hans var ein susar på frispark frå 20 meter, der Sander D bidrog litt med å lage sprekkar i muren. Det andre var ei perleheading frå 16-meteren rett i vinkelen, etter eit flott innlegg frå Ole Martin. Praktfullt! Dermed sto det 3-0 midtvegs.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fantomscoring av Tarmo.
Men Haugar har mange gode spelarar og hadde bretta ermene godt opp i pausen. Dei gjekk hardt ut i starten på andre omgang og fekk også tenning av ei tidleg redusering. Første kvarteret fekk vi køyrd oss. Men då vi fekk 4-1, gjekk lufta ut av Haugarballongen. Og for eit mål det var. Tarmo er ikkje noko stor målscorar, men ein scorar av store mål! På heil volley frå vel 20 meter, klistra i hjørnet bak ein forfjamsa keeper. Truleg var Tarmo noko forfjamsa sjølv også. Så godt har han ikkje truffe sidan sin første fotballkamp, då han som 12-åring banka eit frispark i vinkelen frå 20 meter.
 
Klikk på bilete for full storleik
Aref varta opp med fleire klasseredningar.
Derifra og ut var det ingen tvil. Vi leverer ein veldig solid kamp, og får til mykje bra kombinasjonar. Ruben noterer sitt uekte hat trick ved å vinne att ballen frå forsvaret, runde keeper og mot tomt mål banke den knallhardt tverrliggjar og inn. Pure class, det var rett før vi måtte fram med brannslokningsapparat så han ikkje tok fyr.
 
Sidan la Benny elegant på til 6-1 med utsida, etter at Yaser vart spelt fri på høgre og serverte framom mål. Og mot slutten fekk driblefant Daniel rulle ballen stang inn og fastsette sluttresultatet til heile 7-1. Oppsiktsvekkjande sterkt av alle mann i dag, og som sagt årsbeste.
 
Då ventar bortekamp mot tabelljumbo Stegaberg på fredag. Ingen grunn til å ta lett på den, det er itjnå som kjem tå seg sjøl.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G19: Trio2-Haugar 7-1 (3-0)
1-0 (22 minutt) Sander Dolonen Brækken
2-0 (29 minutt) Ruben Saug
3-0 (41 minutt) Ruben Saug
3-1 (51 minutt) 
4-1 (60 minutt) Tarmo Tars
5-1 (67 minutt) Ruben Saug
6-1 (71 minutt) Benjamin Skarveland
7-1 (77 minutt) Daniel Sørtveit
 
Dommar: Åge Eide, Leirvik BK
Gult kort: Yaserullah Tarakhel og Vebjørn Røssland.
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Edvin Vågen Bjørgvik, Sander Eik Vevik, Vebjørn Røssland, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Tarmo Tars, Ruben Saug, Mathias Gjelseng, Rasmus Eik Sjo, Sander Dolonen Brækken, Yaserullah Tarakhel, Daniel Sørtveit, Benjamin Skarveland, Simen Hellevik Lie. 
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart