Knepent heimetap for J14 mot Kopervik |
 | | God kamp av J14 mot Kopervik, men knepent 2-3 tap til slutt |
|
| |
J14, 1. div Rogaland; Trio - Kopervik 2-3 (2-1).
J14 tok onsdag kveld imot Kopervik til dyst på Kvednabekkjen. Ein jevn kamp som vi lenge førte kunne bikka begge veier, men til slutt vart det bortelaget som fekk det avgjerande målet og dei 3 poenga med seg til Karmøy. |
| |
 | | Årsbeste av Cecilie på høgrekanten | Fokus før kamp var innsats og tørre spele ball langs bakken. Jentene var verkeleg på frå start av i dag og ga ikkje Kopervik fred til å skapa noke som helst. Første 20 minutta er høgt nivå frå vår side og vi går også opp i 1-0 i denne perioden. Synna gjer ein av mange gode gjenvinningar frå Trio jentene på Kopervik sin halvdel og skjer like godt rett gjennom eit noko flatt Kopervik forsvar. Hardt pressa får ho avslutta og ballen går til sides for målvakt til fortent ledelse til heimelaget. |
| |
 | | June Marie storspelte før pause |
Kopervik får ein heldig utligning då eit innlegg frå venstre sida sklir av foten og i staden blir ein sleiv mot nærmaste stolpe der den lurer seg inn. Like før pause går vi opp i 2-1 etter ny gjenvinning av Synna som spelar Julie. Ho ser at keeper står langt ute og løftar ballen vakkert over ho og i nettet. Meget bra prestasjon! |
| |
 | | Synna var på hugget etter Spania ferien og hadde ett mål og ein assist i dag |
Masse skryt til jentene i pausen. Vi prøvte heile tida å spele og lykkast også i stor grad med dette. Dei hadde jobba svært hardt første 35 og vi frykta litt at vi skulle gå tomme utover kampen. Det skulle visa seg å vera berettiga. |
| |
 | | 13-åringen Sophie har vore eit friskt pust på J14-kampar i år |
|
| |
 | | 12-åringen Leah har tatt store steg i år og klarte seg godt mot tøffe Kopervik jenter |
I andre omgang dett intensiteten noko i det defensive arbeidet og då er plutselig Kopervik gode med ball og er nok best i andre. Likevel nok eit mål av det heldige slaget på 2-2, då eit tilnærma 'vådeskudd' sjølvsagt dett inn akkurat under tverrliggar, einaste plassen det kunne gå forbi ei god Malene i målet vårt. |
| |
Det står og vippar på 2-2. Avgjeringa kjem på corner FOR oss. Vi er nær på å scora sjølve, men Kopervik får til slutt kontroll og utfører ein perfekt kontring der dei til slutt sett ballen kontrollert og utagbart til sides for Malene. Sjølvsagt surt, men slik er det på dette nivået. Ikkje ufortent at Kopervik vinn, men hadde kanskje vore mest rettferdig med poengdeling. |
| |
Alt i alt ein god kamp av jentene etter haustferien, dessverre ingen betaling i form av poeng i dag:-). |
| |
Kristian Steinsvik frå Rosendal dømte oss for andre gong i år og var igjen svært god:-). |
| |
Malene, June, Astrid, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea, June Marie, Julie, Emma, Leah, Ida Helen, Sophie. |
| |
Neste kamp då er Haugar 1 i Haugesund på laurdag. Då er vi noko reduserte sjølve, men får god hjelp av J13 til å komma gjennom kampen. |
| |
|
| |
Kristine, Bjørn og Per Einar |
| |
| |
|
|
|