Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kjekk internkamp

Klikk på bilete for full storleik
 
G12: Trio Husnes raud-Trio Husnes kvit 6-4. Lillegutane frå Husnes er blitt så mange at vi har auka til to lag i serien i haust. Det betyr ein internkamp, og i 9arfotball er vi då litt knapt med folk. Men det gjer ingenting, då vi kunne låne med 5 staute karar frå Sunde/Valen sitt lag. Dermed var vi nett passe. Vi var godt nøgde med laginndelinga også, for det var ein rett så jamn kamp.
 
Kvitt lag hadde fokus på igangsetting bakfra, vise seg i oppspel, få til veggspel og vende spelet når vi spelte inn i midten. Vi fekk til mykje av det, men sleit med at vi altfor ofte gløymde å vende spelet ut mot ein alltid ledig venstreving. Vår planlagte keeper og midtstoppar meldte forfall kort før kamp, men litt rokering på laga, så hadde vi ein solid gjeng likevel.
 
Vi starta også best, og fem minutt ut i kampen sette Tristan inn 0-1, etter ei strålande pasning frå Vegar. Utover i omgangen jamna det seg ut og kampen sto og vippa med to knallande gode keeprar i kvar sin ende. Elias er vår tredjekeeper til vanleg og mest vant med å spele spiss, men du verda for nokon redningar han varta opp med. Men då raudt sette inn litt meir raske folk i front, kunne han lite gjere dei gongane motstandarane kom åleine mot han. Først utlikna Noah, då Mohammed serverte, og så 1-1 ved kjappe Sander, som var nådelaus åleine mot keeper.
 
Trass i nokre feite sjansar mot slutten, vart det 2-1 til pause. At det ikkje vart mål då Mohammed Z smelte ballen i stolpen, Vegar sin retur vart redda på strek og Abdi si heading frå 2 meter på den påfølgjande corneren, var smått utruleg.
 
Men rett etter pause lukkast det, då Mohammed Z avslutta eit flott angrep. Men Raudt brukte ikkje lange tida på å gå i føring igjen. Noah først og så ein corner rett i mål frå Mikal. Vegar var ikkje med på at dette skulle vera avgjort, så han tok eigenhendig att forspranget med to flotte scoringar midt i omgangen. Dermed 4-4 og like langt.
 
Det såg ut som at det skulle ende med eit kledeleg uavgjortresultat, men tre minutt før full tid heada Mohammed A raudt i ny føring. Og heilt på tampen punkterte Yasan med si første scoring i Triodrakt. Kjekt for banens minstemann.
 
Velvel, sesongen er slett ikkje over. På måndag er det tøff bortetur til Rosendal, og så er det heimekamp mot sterke Odda på torsdag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G12: Trio Husnes raud-Trio Husnes kvit 6-4 (2-1)
0-1 (5 min) Tristan
1-1 (21 min) Noah
2-1 (23 min) Sander
2-2 (32 min) Mohammed Z
3-2 (36 min) Noah
4-2 (39 mi) Mikal
4-3 (45 min) Vegar
4-4 (51 min) Vegar
5-4 (57 min) Mohammed A
6-4 (59 min) Yasan
 
Dommar: Ein småskadd, men solid Torstein Olderkjær
 
Trio raud: 
Gunnar, Emil S, Andre, Sander, Emil G, William, Noah, Mikal, Yasan, Mohammed A, samt ein skada Jonas som supporter og damesjarmør.
 
Trio kvit: 
Elias, Edvard, Andri, Håkon, Brage K, Brage RH, Abdisalan, Vegar, Tristan, Michael, Mohammed Z.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart