|
3 poeng på siste bortetur | | | | | G19: Stegaberg-Trio2 2-6. Litt tynt med folk til årets siste bortekamp, men vi plukka opp vår 13.mann, som har flytta på skule til Ølen, på vegen til kamp på Frakkagjerd. Mange innbyttarar er uansett noko styr. Solid kamp av oss og ein kontrollert siger. | | | Vi hadde god kontroll i første omgang, stødige bak og heldt høgare tempo offensivt enn Stegaberg kunne like. Espen fekk vår første store sjanse på eit godt innlegg frå Mathias, men etter eit vedvarande press og fleire gjenvinningar i feltet, var det til slutt Ruben som sette inn første målet. | | |  | | Siste bortekamp for G19-2 i dag. Her har Mathias scora i vår første bortekamp med fergetur. På Ølve for 5 år sidan. |
Stegaberg sto noko høgt med forsvaret og vi utnytta det ved stor aggressivitet i bakrom. Sander brysta med seg ballen åleine gjennom, men traff stolpen. Han var også nære på etter innlegg frå Ruben. Men 0-2-målet kom etter eitt av dagens flottaste angrep. Espen og Samson med veggspel på midten, ut til Ruben på kant og i feltet var allereie Espen på løp. Han vart felt, og dagens kaptein Sander var sikker frå straffemerket. | | | Utover i omgangen var vi litt meir upresise og overivrige, men vi fekk 0-3 før pause då Ruben snappa eit fæl forsvarsmiss. Runda keeper og kjempa inn sitt andre for dagen. | | | Nokre korreksjonar i pausen og vi heldt god kontroll defensivt også i andre omgang. Men etter 20 minutt reduserte heimelaget. Ingen grunn til panikk, vi svara på direkten. Ole Martin med ei herleg frispeling som Ruben ikkje kunne bomme på. | | | Vi sleit ut heimelaget utover i kampen, og fekk mange sjansar mot slutten. Mange rare missar også, også frå straffemerket. Men Tarmo var sjølv framme på returen og sette inn 5-1. Må nemne at Tarmo sin straffe var så skral at mange trudde det var tilbakespel til keeper :D | | | Sander sette inn 6-1 etter corner og Edvin, som fekk nokre sluttminutt på topp, brente alle sjansars mor. Aldri meir spiss... Velvel, ein grei 6-2-siger. | | | Då er det berre ein kamp att av seriesesongen. Og det er på onsdag, heime mot eit veldig framgangsrikt Bremnes2. Dei har ikkje tapt sidan tidleg i Norway Cup, der dei vann B-sluttspelet og har sidan ikkje sett seg tilbake. Då hadde det vore kjekt å avslutte sesongen med å få dei ned på jorda :D Kampfakta frå Frakkagjerd kunstgressG19: Stegaberg-Trio2 2-6 (0-3) 0-1 (6 min) Ruben Saug 0-2 (13 min) Sander Dolonen Brækken (straffe) 0-3 (42 min) Ruben Saug 1-3 (64:min) 1-4 (65 min) Ruben Saug 1-5 (76 min) Tarmo Tars 1-6 (82 min) Sander Dolonen Brækken 2-6 (91 min) | | | Gult kort: Yaserullah Tarakhel, og eitt til Stegaberg | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Edvin Vågen Bjørgvik, Tarmo Tars, Vebjørn Røssland, Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Espen Aakre Sjo, Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng, Sander Dolonen Brækken, Ruben Saug, Yaserullah Tarakhel, Tormod Sund Vårdal. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |