|
Fortsatt ett hakk for små for Haugar 1 |  | | Nok eit knepent tap for J14 mot sterke Haugar1 |
| | | J14, 1. div Rogaland, Haugar1 - Trio 2-1 (0-0).
Eit noko redusert Trio lag var laurdag ein snartur til Haugesund for årets siste møte med Haugar1. Det gode Haugar laget vart nok ein gong for sterke for tapre Trio jenter som sto på, la ned ein stor innsats heile gjengen og leverte ein god kamp. | | |  | | 13-åringen Annie viste fine takter på venstrekanten mot Haugar1 | Vi mangla Emma, Aurora og Ida H av 14-åringane i dag, samt Leah av dei som vanligvis er med. Heldigvis har vi flinke jenter på J13 som stiller opp og hjelper oss. I dag var Sophie, Jenny og Annie med til Haugesund. Alle fekk prøva seg i over ein omgang og gjorde ein flott innsats. | | |  | | Jenny (13) spelte meget bra på høgrebacken |
Vi gjekk til verket med respekt og la oss lavt for å unngå å gje vekk unødig rom til ballsikre Haugar jenter. Etter at dei fekk spela litt for lett gjennom midtbaneleddet vårt i starten, fekk vi justert oss inn og fekk etter kvart bra struktur og kontroll defensivt. Då kom og gode brudd og vi er nære på ved et par anledningar. Julie kjem seg fri ein gong og blir tatt. Frisparket frå Cecilie er Julie sjølv nære på å setta i nettet. Mållaust ved halvtid etter ein sjansefattig omgang der Haugar hadde ballen mest. | | |  | | God kamp i målet av Malene nok ein gong |
| | |  | | Ingeborg rydda opp i stor stil i midtforsvaret |
Andre omgang bølgar litt meir enn første, sjølv om vi fortsatt kjører lavt press. Haugar kjem gjennom 2 gonger og går opp i 2-0 ledelse, fortent nok etter spel og sjanser. Vi må då risikera litt meir og flyttar laget høgare. Vi stressar då haugar jentene ved fleire tilfelle og vinn også eit par cornerar. Ein av desse nikkar Julie kontant i mål etter god 'serve' fra Cecilie. Vi er nære på eit par ganger til etter å ha gått over til 2 spissar, men det ebbar ut med ein fortent heimeseier til Haugar1. | | | Ein kamp der Trio jentene kan vera stolte over egen prestasjon. Den var forsåvidt så bra at det blei både Trio-rop på banen før heimreise og snopestopp på Kvala, slik det bør vera på ein bytur ein lørdag:-). | | | Best på Trio laget i dag syns vi var kaptein Ingeborg og keeper Malene. | | | Det gjenstår då ein tur til Åkra (f.k. fredag) og siste kamp heime mot Haugar2 før sesongen er over for i år. | | | Laget i dag: Malene, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Sophie, Cecilie, June Marie, Synna, Astrid, Julie, Jenny, Annie. | | | | | | Kristine, Bjørn og Per Einar:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |