|
Målorgie i serieavslutninga | | | | | G19: Trio2-Bremnes2 4-6. I siste seriekamp tok vi i mot haustens beste lag. Bremnes har teke 20 poeng på 8 kampar i haust og har fått ein solid oppsving. Dei var eit sterkt lag og det vart ein tempofylt og god kamp. Vel vart det tap på oss i dag, men med 4 sigrar og 1 uavgjort etter ferien er vi haustsesongens tredje beste (av 9 lag). | | | Det skal vi vera nøgde med, for vi har utvikla oss mykje gjennom sesongen. Særleg offensivt har vi fått mykje meir tempo i spelet og vi kan notere oss 36 mål i haustsesongen. Det etter å ha 7 strake (knappe) tap og berre 13 scoringar i vår. | | | I dag kom vi dårleg i gang og første 10-15 minutta hadde eit temposterkt Bremnes trøkket mot oss. Aref varta opp med fleire gode redningar, der særleg susaren han fekk fista i stolpen var klasse. Måten vi fekk 0-1 på var derimot ussel. Fullstendig svikt i dekkinga på corner, det skulle vi klart å unngå. | | | Etter kvart kjempa vi oss inn i kampen og skapte ein del sjansar. Daniel skaut like utanfor og det gjorde Ruben også, då Sander kom rundt og la inn. Bremnes fekk 0-2 på eit frispark etter halvtimen, men vi hadde mot slutten ein rein kanonade mot bortemålet utan å lukkast. Ruben, Samson og Rasmus sine avslutningar vart alle redda på strek. 0-2 midtvegs. | | | Frå start av andre omgang var det dags for eit etterlengta come back. Henning har vore ute med skade nesten heile sesongen, og fekk vel ein halvtime på banen i midtforsvaret. Til dei grader spelesugen som han var, var han også ein god del andre stader enn der. Kjekt også at han fekk seg ei scoring, då han framviste mykje vilje i feltet etter corner. | | | Men før det reduserte Sander til 1-2 på eit herleg angrep. Mathias førte opp på venstre og fann Ruben, som slo hardt inn framom mål, der toppscoraren vår var på plass. Men Bremnes svarte med 1-3 minuttet etter. Kort etter hadde spissduoen vår byta roller, men då gjekk Ruben sitt skot like utanfor. | | | 1-4 kom på ein uheldig keeperinngripen, men vi meldte oss på att då Edvin fann Sander med ei strålande pasning. 2-4, før Bremnes på ny svara få minutt etter. Så kom Henning si redusering til 3-5 og vi la opp til å sende ein ekstra mann opp på topp siste kvarteret. Men vi hadde ikkje eingong fått han fram, før Bremnes la på til 3-6 på ei kontring. | | | Då gjekk lufta ut av den potensielle sluttspurten. Ruben reduserte med ein susar frå 20 meter, og Daniel hadde eit skot i tverrliggaren, men kampen endte 4-6. Fortent nok, Bremnes var eit hakk betre enn oss i dag. Alt i alt ein god og fartsfylt kamp, så vi kan vera brukande nøgde med serieavslutninga. | | | Mathias gjorde nok ein gong ein sterk kamp og har vist imponerande haustform. Han var vår beste i lag med Ruben, som i lag med Sander på topp er ei pest og ei plage for eit kvart forsvar. Til slutt god omtale av kampens stødige dommar, 16-årige Annika Guddal, som meistra eldre spelarar og høgt tempo veldig bra. Her har vi eit stort dommartalent. Kampfakta frå KvednabekkjenG19: Trio2-Bremnes2 4-6 (0-2) 0-1 (6 min) 0-2 (27 min) 1-2 (51 min) Sander Dolonen Brækken 1-3 (52 min) 1-4 (62 min) 2-4 (68 min) Sander Dolonen Brækken 2-5 (71 min) 3-5 (74 min) Henning Solheim 3-6 (78 min) 4-6 (88 min) Ruben Saug | | | Dommar: Annika Øye Guddal, Rosendal Gult kort: Sander Eik Vevik og eitt til Bremnes | | | Trio sitt lag (3-5-2): Aref Hosseinizada, Edvin Vågen Bjørgvik, Sander Eik Vevik, Tarmo Tars - Ole Martin Byrknes, Samson Nyrud Uppheim, Espen Aakre Sjo, Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng - Sander Dolonen Brækken, Ruben Saug, Rasmus Eik Sjo, Benjamin Skarveland, Tormod Sund Vårdal, Henning Solheim. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |