Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

2x 2-6

Klikk på bilete for full storleik
 
G12: Husnesgutane avslutta seriesesongen med ein guffen bortekamp i forferdeleg grisever i Rosendal på måndag, samt ein langt meir behageleg heimekamp mot Odda i kveld. Begge endte med 2-6-tap, men prestasjonane var høgst ulike.
 
Kampen i Rosendal er det om å gjere å gløyme snarast råd, sjølv om minnene av stiv kuling og striregn på tvers er vanskeleg å få vekk. Det hjalp overhovudet ikkje at vi hadde 7 innbyttarar, som måtte stå og hutre på linja. Det var vanskeleg å kome i varmen når ein endeleg fekk litt speletid. Rett nok starta vi framifrå første 10 minutta og var klart best. Brage avslutta eit herleg angrep frå oss og vi leia 1-0. Sidan var det berre sorgen, ein dårleg kamp frå oss og alt var surt, iskaldt og søkkande vått. Eit trøystemål av Mohammed A, og altså 2-6-til slutt.
 
Betydeleg betre ver då Odda var på besøk i dag. Og ein betydeleg betre prestasjon, trass i at motstandaren var seriens beste lag. Vi har våre utfordringar defensivt og gløymer oss litt for ofte ut, slik at det til tider blir reinaste motorvegen fram mot målet vårt. Der ventar ein knallgod keeper (Gunnar i første, Martin i andre), men det må bli ein del baklengs når motstandaren får så god plass. Slik kom 0-1 og vi sleit i starten. Men etter kvart fekk vi betre kontroll, styrt av ein opplagt Andre, som har vist seg som vår bestemann i haust. Flott utvikling som midtstoppar. 
 
Etter 20 minutt utlikna vi etter eit flott angrep, som Elias smelte i stolpen og Mohammed Z var framme og sette inn returen på. Fullt fortent og vi hadde etter kvart flest sjansar og best offensivt spel i omgangen. Men 1-1 sto seg til pause.
 
I andre omgang var det jamnt halve omgangen. Odda hadde ein susar i tverrliggjar og ned, før Mohammed A svara med ein kanon i vinkelen og ut. Men midt i omgangen fekk vi igjen problemer med press på midt og høgt forsvar, noko som førte til mange gjennomløp åleine mot keeper. Då rann det inn 4 baklengs på eit femminutt. Surt etter ein så god kamp fram til då. Men vi heva oss igjen og vi fekk ei flott redusering då William spelte frå Mohammed Z på høgrevingen. Perfekt innlegg til Mohammed A. 
 
Elias fekk også to kjempesjansar og Håkon og Mohammed A kvar sin i sluttminutta, men i staden kom 2-6 i siste speleminutt. Skit au. Ein god prestasjon av oss. Også i dag var vi 16 'mann', så det vert mykje byter og rokeringar. Men det er eit luksusproblem. Vi satsar på å halde fram med treningar utover hausten. Håpar gutane er med på det :)
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart