Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Seriemeisteren vart for sterk

Klikk på bilete for full storleik
Det vart for tøft mot serievinnaren Åkra for J14 fredag kveld
 
J14, 1. div Rogaland, Åkra - Trio 3-1 (2-1).

Årets siste bortekamp var mot serieleiar Åkra fredag kveld for Trio sine 14-års jenter. Heimelaget var topp tente då dei ville bli seriemeister i 1. divisjon med 3 poeng i kveld. Dei varta opp med ein knallkamp og då vart vi eit par nummer for små.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott kamp som stoppar av Ariana
Vi hadde spelt 1-1 og tapt 2-4 før i år mot Åkra og følte at vi skulle vera på høgde i kveldens kamp. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Ingeborg er i storform og storspelar for tida
Åkra gjekk ut i hundre og kunne fort ha leda allerede etter eit par minutt då dei og hadde 2-3 cornerar. Dei vant det meste av duellar, var først på ball, sprang mest og hadde eit meget bra og hurtig pasningsspel med gode bevegelsar. Rett og slett god fotball:-). Det går ca eit kvarter før nullen sprekk og det er ei kanonkule opp i nettaket til venstre for Malene, utagbart. Ikkje lenge etter ladar samme spelar igjen, denne gong eit hardt skot lavt i motsatt hjørne. Vi blir litt for seine oppi press i disse situasjonane, må bli endå tøffare i ballpressog blokkering når vi anar skudd imot. Vi løftar oss noko siste 6-7 minutta før pause og kjem oss høgare i banen. Like før pause vinn vi ein corner. Den er Linnea tøffast på i feltet og krigar inn ei redusering 30 sekund før halv tid.
 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av June på høgrebacken
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjekt med ein pitstop på REMA1000 på Kvala ein fredag kveld
Kampbilde er nokolunde likt i andre omgang, men bølgar litt meir og vi gjer ein bedre omgang. Åkra er fortsatt det førande laget og det er ikkje ufortent då dei på eit glimrande angrep går opp i 3-1. Her var det høgt nivå, ballen gjekk kjapt frå spelar til spelar og vi evna rett og slett ikkje henga med. Kontant avslutning i hjørna, trur det var nummer 3 frå samme venstrefoten. 
 
Med omtrent 20 minutt igjen kjem ein omdiskutert situasjon som KUNNE snudd kampen. Cecilie slår ein perfekt stikkar i bakrom til Julie som kjem åleine mot ein utrusande målvakt. Julie når ballen like før keeper og keeper treff Julie. Begge går i bakken og blir liggande. Her kunne dommar fort blåst frispark til oss på 17m og gitt rødt kort til Åkra keeper. Dømmer imidlertid ikkje frispark i det heile. Då ebbar det ut med fortent 2-måls seier til Åkra og dei kunne feira seier i divisjonen ein runde før slutt.
 
Vi tapte for eit betre lag i kveld. Vi fekk ikkje tak i midtbanen sjølv med ein femmar der. Forsvaret var vår beste lagdel, med radarparet Ingeborg og Ariana i midten som dei beste. 
 
Stor takk til Ronny Quam som kjørte oss med Trio bussen!
 
Vi avsluttar ein kjekk sesong med masse kampar mot gode lag i 1. divisjon mot Haugar2 kommande onsdag på Kvednabekkjen. Seier der vil gje 4. plass, vi er uansett garantert topp-5, med Bremnes bak oss på tabellen. Flott prestasjon av jentene!
 
Laget i dag:
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea, June Marie, Astrid, Emma, Sophie.
 
 
Kristine, Bjørn & Per Einar:-)
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart