|
Mot ein god del odds | | | | | For første gong i Trio si historie har vi hatt to juniorlag på gutesida! I om lag dei ti siste åra har vi hatt eitt juniorlag i fellesskap med naboklubbane, men nytt i år har vore eit eige junior-2 beståande av 17-årsgutane (førsteårs junior) i Trio. Det har klubben aldri hatt før. Her ei kort oppsummering av sesongen til Trio G19-2, eller G17, om du vil. | | | Ofte er det stort fråfall i mange klubbar etter G16-nivå, men dei fleste frå 2001-laget vårt ønskte å halde fram med fotball då vi telte opp i fjor haust, helst som eige lag med gjengen samla. 15 gutar var på blokka. Difor argumenterte vi for å ha eit «junior-2» i år. Vi har omtalt oss som G17, men har spelt i juniorklassen (G19) i Rogaland, med motstandarar frå Stord og Haugalandet. Gro Aakre har vore lagleiar, og underteikna trenar, og som vanleg har vi heldt det gåande med treningar gjennom heile året. Pause mellom sesongane og i sommarferien er for pingler :) | | | Dei færraste trudde nok det var grunnlag for eit slik lag, men det har vi motbevist til fulle. Det var ein viss kamp for å få det til. Frå styrenivå var det lita tru på at vi skulle klare det. Sitat ein i fotballstyret: «Eg hadde ikkje hatt noko tru på dette om det ikkje var du, Are…» Vi måtte ha både ein og to ekstrarundar for å få forståing for at vi skulle ha eigne treningstider. Og som einaste lag i klubben har vi måtta klare oss med eit 4 år gammalt draktsett frå ein tidlegare utstyrsleverandør, der alle dei andre laga har fått nye drakter. Så vi har vel ikkje opplevd den heilt store trua på oss… | | | Likevel har vi ikkje hatt problem med å gjennomføre sesongen med 16 seriekampar i Rogaland G19, samt deltaking på Norway Cup i sommar. Underteikna venta på førehand at det ville bli tøft som reint 17-årslag i G19-klassen, men gutane tok nivået bra. Det vart rett nok tap i alle 7 vårkampane, men spelemessig jamnt og knappe siffer i alle. Og i haust har det løysna i poengsankinga også, med 4 sigrar og 1 uavgjort, og 36 mål (mot 13 i vår). | | | Mål og resultat er likevel ikkje det viktigaste. Vi har opprettheldt eit tilbod utan å vera veldig kravstore og seriøse, men har likevel oppnådd stor sportsleg framgang og hatt det veldig kjekt i lag. Og det er trass alt det viktigaste. Årsak til fråfall i denne alderen er ofte at det blir meir seriøst enn spelarane er interessert i å ha det. Etter at tre gutar flytta i sommar, har vi vore berre 12 spelarar på laget i haustsesongen. Men med godt samarbeid med G16 og G19, har det ikkje vore problem å stille lag til alle kampane. Takk til Mohammad og Yaser frå G16, som har vore med når vi trengte, og til Ruben, Sander V, Rasmus og Vebjørn R frå G19, som har bidrege på ein del kampar i haust. Og totalt sett har vi lånt ut langt meir til G19 enn vi har trengt å låne inn til våre kampar. For dei ivrigaste og mest ambisiøse i gjengen har det vore kjekt å vera med G19 i tillegg. Tarmo og Samson har vore fast med der i heile år, nokre andre meir sporadisk. | | | Vonleg vil brorparten av gutane halde fram med juniorfotball neste sesong. Etter å ha vore trenar for desse fysakane i 6 år, er det no slutt for min del. På 6 år har vi hatt om lag 625 treningar, 175 kampar og vore på 17 cupar. Håpar å ha bidrege til at det vart både bra fotballspelarar og skikkelege folk av den galne gjengen eg rota meg borti medan dei framleis gjekk på barneskulen. No har dei blitt store, skjeggete slampar med moped, jobb og kvinnfolk, nesten alle mann :) | | | Takk for mange kjekke år og fotballminner, karar! - Trenar Are Ulseth
| | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |