|
Imponerande løpsprestasjonar | Det er over tid bygd opp eit flott triathlon- og løparmiljø i Trio og no seinhausten har det vore mange prestasjonar på høgt nivå. Ein ny i rekkja sterke tider leverte Holmfridur Adalsteinsdottir i dag, med 3.04 i Frankfurt Marathon!
| | | 3.04.48 var tida til Holmfridur (43), og den spreke dama frå Valen sette med det ein imponerande pers. Det tilsvarar ei snittfart på om lag 4.20 min pr km i samfulle 42 kilometer! | | | Og det skjedde berre ei veke etter at Trioguten Erlend Nymark Jensen (25, representerer Bergen løpeklubb) leverte ei kanontid i Amsterdam Marathon. 2.29.12 var tida hans, og då er kilometertida ganske nøyaktig 3.30 min. | | | Nemner også Terje Røssland Nes (46), som sette ein solid personleg rekord med 1.32.43 på halvmarathon i Bergen Maraton på Fana sist helg, noko som tilsvarar ca 4.25 min/km. | | | Neste helg er det NM i halvmarathon i Stavanger (3-sjøersløpet), og også der er det Trioløparar på startstreken.
I dag har elles kenyanaren Abraham Kiptum sprunge tidenes raskaste halvmarathon. I Valencia halvmarathon noterte han seg for sinnsvake 58.19, noko som tilsvarar 2.45 min på km(!) Her var det nesten 14.000 deltakarar. Så vidt vi veit, har Kiptum ingenting med Trio å gjere :)
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |