Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap mot forsterka Haugar lag i sesongavslutninga for J14

Klikk på bilete for full storleik
Tap i årets siste kamp for J14, men imponerande sesong!
 
J14, 1. divisjon, Trio - Haugar2 0-2 (0-1).

Kampen om 4. plassen i 1. divisjon var venta å bli ein jevn affære. Jevnt blei det forsåvidt, men ein 14 år gammal storscorar frå J16 Elite vart i drøyaste laget for våre jenter å håndtera og jentene måtte til slutt sjå seg slått 0-2 mot laget i blått frå Haugesund.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ariana gjorde ein flott innsats mot gode Haugar spissar
Etter det vi oppfatta som skadeproblemer i Haugar2 laget, kom dei berre med 12 jenter til Husnes. Der vi hentar 13-åringar frå J13, kunne dei imidlertid hente ned Kristina Svandal (14) frå Haugar sitt J16 lag i Elitedivisjon Rogaland. Der har ho som 14-åring scora i snitt 2 mål pr. kamp i år (?!). Så heilt klart ei håndfull for vårt lag, kan du sei. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Kjekt å ha Ida tilbake etter skade!
Stortalentet Svandal avgjorde langt på vei kampen i 2. omgang, då ho på ein overgang viste høgt nivå etter å ha fått eit oppspel i beina litt inn på vår halvdel. Ho vender opp, drar av Ariana og deretter Ingeborg i stor fart og sett ballen kontrollert i målet forbi Malene. Klasse! Utover dette klarte vi på imponerande vis å nøytralisera ho og ho fekk ikkje til all verden, dominerte ihvertfall ikkje.
 
Klikk på bilete for full storleik
Malene kunne ikkje gjera noko med måla og leverte ein god kamp igjen!
Før dette har vi lagt bak oss ein opningsomgang der vi er litt under det nivået vi kan vera på. Litt nølande i forsvar og klareringar som ikkje er kyniske nok. Ein slik blir fanga opp av Haugar då dei går opp til 1-0 før det er gått 10 minutt. Jentene skal ha ros for å gradvis spela seg opp og siste 25 av omgangen er vi vel så gode som Haugar og har og eit par farlige skuddmuligheter ved Emma og Cecilie.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sophie (13) viste gode takter på kanten igjen
Vi har trua i andre omgang heilt til 2-0 kjem på nevnte overgang. Spelemessig er det nokolunde jevnt og vi er nære på ved eit par anledningar. Men ballen spratt ikkje heilt vår vei i dag, i tillegg til at vi var noko upresise i vårt pasningsspel. Litt for mange pasningar føre spelar som burde vore spelt på fot gjorde at vi fekk undødig mange balltap i gode posisjonar. Men, masse ros for å PRØVA å spele slik vi er enige om!
 
Klikk på bilete for full storleik
Leah (12) klarar seg godt på 14-års nivået
Oppsummert ein fortent seier til Haugar2 på ein dag der vi føler vi hadde litt meir inne. På ein max dag hadde vi tatt poeng her:-)
 
Jentene sprang direkte frå banen i garderoben for å gjera seg klar til Halloween filmen på Husnes Kino. Kampen var slutt 19.43 og dei satt i kinosetet 20.00!
 
Då er seriespelet over for i år. Jentene har virkelig satt seg i respekt på Haugalandet og har gjort ein formidabel innsats i 1. divisjon både i vår og i haust. Vi trenarane er megaimponert over framgangen dåke har hatt siste 18 månadane og korleis dåke har takla nivået i 1. divisjon. Takk for ei flott reise jenter!
 
Vi tar fri i morgen og satser deretter på trening som normalt minimum ut november månad.
 
Laget i dag:
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Aurora, Cecilie, Synna, Linnea, June Marie, Ida Helen, Leah, Astrid, Julie, Emma, Sophie.
 
 
 
Kristine, Bjørn og Per Einar:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart