Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

KM kamp J13 2.div. Trio-Nore Neset 2

Klikk på bilete for full storleik
Straffetakarane til Trio
 
Trenarane Karen Hilda Kloster og Kjell Magnar Eide har levert eit fyldig referat frå semifinalekampen om å bli krinsmeister 2. div. Hordaland
 
Klikk på bilete for full storleik
Jentene har levert ein god sesong.

J13 Mester 2.div. semifinale Trio – Nore Neset 2 2-2(1-1) 4-6 etter straffespar

Det vart ein svært spennande og jevn kamp mellom 2 avd vinnere. Nore Neset slo Søreide 1 – 0 i kvart finalen. Vi var heldige som fekk Walk Over til semifinale i sluttspelet. Det er alltid litt ekstra spennande og usikkerhet når vi møter motstandere som vi ikkje har møtt før. Nore Neset har 2 lag og stilte med så å seia alle saman(16 stk) til kamp mot oss. Kampen opna med eit lite overtak til Nore Neset sjølv om me hadde ein ganske kraftig vind i ryggen. Etterkvart jobba me oss inni kampen og fekk nokre bra raid av Cecilie på høgre kanten. Men etter 20 min klarer vi ikkje å få klarert etter corner og Nore Neset krangler inn 1-0. Var redd vi ikkje skulle komma tilbake no for repekten var fortsatt synleg. Men vi skaper fortsatt nokre halv sjanser og etter ca 30min får vi corner frå høgre. Ballen kjem ut i returrommet der står Annie klar og banker den inn og 1-1. Dette vert og pause resultatet. I 2 omgang skulle vi spela i motvind og sidan vi ikkje hadde  klart å få noko overtak i den relativt krafitige medvinden måtte vi opp nokre knepp skulle vi slå dette laget frå Os. Og heva oss i 2 omgang gjorde vi og gjekk opp i 2- 1 leiing etter at Sophie blei felt. Cecilie tok straffen men keeper redda. Heldigvis var ho klar på returen og sette den sikkert i mål. Spelet bølger no litt fram og tilbake. Nore Neset har vinden i ryggen og får nokre skumle skudd forsøk. Men vi har ein solid keeper i Wiktoria som tar det som kjem. Men etter 25 min er ho ute på sida av mål etter eit gjennomløp. Ser ut for at ho har ballen men plutselig er den fri igjen(frispark?) og vi får ikkje klarert den vekk. Nore Neset får krangla den i mål og 2-2. Like før slutt får Nore Neset eit nytt langskudd som går i tverligger og ned men heldigvis ut og ordinær tid ebber ut til 2-2.

 

Så 2 ganger 5 min ekstraomganger. Lite skjedde i desse og straffespark konkurranse venta. Dette har jentene aldri vore med på før. Eg lurte på om vi skulle ta ein runde på dette på trening på torsdag, men fant ut at vi ville få lite ut av det og kanskje heller få litt feil fokus?? Var veldig trygg på dei 5 som skulle ta straffe. Og visste at vi har ein veldig god keeper. På grunn av vinden ville dommeren ha målet inni det store 11er målet mot ungdomskulen. Oppfordringa til jentene var å plassere sikkert i ei av sidene ikkje gå for kraft. Me opna med at Jenny sette ballen fint i sida men i feil mål? Nore Neset scora sikkert på sine 2 neste og Cecilie og Sophie sette og sine trygt i mål. Så bomma Nore Nest slik at det var 4-4. Men neste sette Nore Neset i mål og 5-4 før Annie skulle skyte. Dessverre fekk Annie eit uheldig treff og keeper redda. Så visst då Nore Neset treff på sin siste var det avgjort. Det gjorde dei og 6-4. Så då vart det ingen straffe på Weronika. Sett i lys av at vi stilte litt svekka til denne kampen med kun 9 spelarar til disposisjon som stod på heile kampen uten innbyttere. Ellen Marie var på svømmestevne, Leah, Angelica og Hava på sonesamling. Hadde vi berre sikra oss Hanna Medhaug(2007) i bakhånd. Jentene har ein veldig flott stå på vilje og ikkje snakk om pauser her. Alle vil spela mest mulig. Ellinor spelte sin første kamp på 2 månader og har vore sjuk dei siste 3 vekene. Og sjølv ho holdt heile kampen, men ho er selvfølgelg ikkje på sitt vanlige topp nivå, men utruleg kjekt at ho er med.

 

Vi kan vere utruleg stolt over innsatsen i sesongen og viser at vi har utvikla oss enormt og faktisk e blant dei 10-12 beste i laga i Hordaland for tida.

 
 

Desse var med: Wiktoria Kondraka, Sofie Amalie Øvstebø, Weronika Kondraka, Jenny Eide, Heda Eldi, Annie Kloster, Cecilie Medhaug, Sophie Mehri, Ellinor Isac. I bakhånd Hanna Medhaug.

 

Elles har desse vore med denne sesongen: Leah R Mo, Angelica Vimme og Hava Eldi

 

 

Takk for sesongen!!

 
 
 

Med helsing trenarane

 

Karen Kloster og Kjell M Eide

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart