Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding Trio J14 sesongen 2018

Klikk på bilete for full storleik
Trio J14 etter finalesiger i Bø Sommarland Cup juni 2018
 
Jentene på 14-års laget til Trio har hatt ein meget bra sesong i 2018. Sosialt har vi hatt det kjekt i lag både heime på Kvednabekkjen og på tur. Sportsleg med cupsiger på sommaren og godt med poeng i 1. divisjon Rogaland både vår og haust har det vore i overkant av kva vi kunne tru på før sesongen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mest framgang frå i fjor: Ariana!
Vi starta opp umiddelbart etter skulestart i januar og heldt gåande til litt uti desember. Ei veke treningsfri i sommar er einaste pausen og vi har totalt hatt 70 treningar gjennom året. Oppmøte for laget totalt sett har vore litt lavare enn i fjor, 72% i år mot 77% i 2017.
 
Klikk på bilete for full storleik
Årets toppscorar: Julie!
Allerede etter 2 veker bar det av gårde på cup i Vestlandshallen i Bergen. Vi stilte 2 jevne lag som begge gjorde reint bord lørdagen i puljespelet og vart puljevinnarar. Dette vart feira med Pizza i Bergen på kvelden og hotellovernatting. Søndagen vart det knepne tap i kvartfinale for begge våre lag, men det var ein glad og nøgd gjeng som reiste heim frå Åsane søndag ettermiddag. Her ville vi tilbake!
 
Klikk på bilete for full storleik
Flest treningar: Synna!
I februar var det Trio sin tradisjonelle innecup i Husneshallen. Vi stilte med eitt lag i 16-års klassen laurdagen og 2 jevne lag i J14 sundagen. Etter flott innsats vart det finaletap begge dagane. Mest overraskande og imponerande var nok finaleplassen i 16-års klassen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Størst auke i treningar: June!
Før seriestart fekk vi laga til ei svært uformell miniturnering med Rosendal J14 og Trio J16 på Kvednabekkjen. Her hadde vi ein kjekk og sosial dag med god øving i 11ar fotball før seriestart. 
 
Vi var spente på kva vi skulle opp imot i 1. divisjon Rogaland. Det skulle visa seg at jentene også meistra denne utfordringa og etter endt vårsesong enda vi som nummer 6 av 9 lag med 10 poeng på 8 kampar. Dette var nok til å beholda plassen i 1. divisjon, dei 3 nederste rykka ned.
 
I juni var vi til Bø og deltok på Bø Sommarland Cup. Normalt er her 8 lag med i kvar av jenteklassane, men denne gong berre 4. Jentene storkoste seg i 25 grader både på- og utanfor banen. Totalt 4 kampar med 13-0 i målforskjell og turneringssiger etter å ha slått arrangørklubben Skarphedin både i puljespel og finale. Julie Ersland scora begge måla i finalen og vart og kåra til finalens beste spelar av ein jury. Skarphedin var nr 3 i 1. divisjon Telemark og gjekk i august til A-sluttspel i Norway Cup. 
 
Den ultimate utfordringa for sesongen kom til hausten då vi skulle opp mot dei 5 laga som kom over oss på tabellen i vårsesongen, attpåtil i dobbel serie. Men etter 10 tøffe kampar var vi nær 4. plassen og enda til slutt på 5. plass, med Bremnes bak oss. Ein meget bra gjennomført sesong på alle måtar sportsleg!
 
Julie Soma Ersland vart årets toppscorar med 15 mål på 17 kampar, imponerande mot denne motstanden! Ariana Quam vann kåringa 'mest framgong i sesongen', mens Synna Holmedal Gjerding hadde flest treningar på laget i 2018.
 
Det er mange å takka for bidrag gjennom sesongen. Takk til foreldregruppa som har støtta opp om laget på ein framifrå måte og bidrege ved behov. Ein spesiell takk til Monica for uttallige draktvaskar, til Ronny og Roald for kjøring av Triobuss og til Frøydis, Bjørn, Kristine og Øystein for flotte bidrag i støtteapparatet. Stor takk også til Kjell M og Karen på J13 for godt samarbeid og lån av flinke jenter derifrå.
 
For 2019-sesongen ser det bra ut for laget. Vi mister ei jente, men har så langt fått 2 nye frå Halsnøy og troppen tel då 14 jenter. Etter ein sesong med særs tøff motstand og mykje øving i lavt press og kontringsfotball, ønsker vi spela J15, 2. divisjon Rogaland neste år. (endring frå 2019 til J15 og J17, ikkje lenger J16 i Rogaland heller). Med dette håpar vi å få utvikla oss meir i den offensive delen av spelet, med meir tid mot etablert forsvar som krev meir kreativitet i angrepsspelet. Det blir spennande å sjå korleis det går:-) 
 
Desse har utgjort J14 i 2018: 
Malene Heimvik, Astrid Borgen, Ariana Quam, Linnea Eide Rusten, June Svellingen Hammer, Ida Helen Gudding, Aurora Nilsen Mathisen, June Marie Sætre Bjelland, Synna Holmedal Gjerding, Julie Soma Ersland, Cecilie Enæs Medhaug, Ingeborg Stensletten Hagan, Emma Saghaug Meling. Frå J13 har Leah Mo og Sophie Mehri delteke mest.
 
 
For Trio J14 (2018)
Per Einar Gjerding, hovudtrenar
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart