Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding frå Trio Husnes G12

Klikk på bilete for full storleik
 
Her er ein liten årsrapport frå Kokosmacronane, som har gjort unna sitt siste år i barnefotballen med 9arfotball på tvers av banen. Neste år tek vi steget opp i ungdomsfotballen. 9ar då også, men på langs av banen. Vi har hatt ein sesong med mykje aktivitet. 
 
Før sesongstart hadde vi ei sosial 4-lagsturnering på Kvednabekkjen. Kjekk dag med kampar mot Skånevik, Trio G11 og Trio G12 Valen, samt pizza og quiz på Triohuset. Elles har vi delteke på EatMoveSleep-cup i Sagvågen, samt sjølvsagt Rema 1000 Husnes Cup. 
Neste år skal vi våge oss på ein overnattingscup :o
 
Hordaland fotballkrets har heller ikkje i denne årsklassen gått over seg med å lage eit skikkeleg serieoppsett. Kun 6 seriekampar i vårsesongen er ikkje mykje å skrive heim om, og då eine Oddalaget forsvann tidleg og også eit anna lag gjekk ut før haustsesongen, låg det an til berre 4 haustkampar. Takk og lov difor at vi auka til to lag frå vår spelargruppe på 18 'mann'. Då vart det i det minste 9 kampar å bemanne med den ivrige skokken vår.
 
I kampane har vi levert frå det briljante til det begredelege. Mildt sagt variable prestasjonar, men når vi konsentrerer oss og held rette fokusen, har det vore så vi trenarar har blitt blanke i augene. Særleg gjaldt det bortekampen på gras i Rosendal før ferien. Då henta vi fram det aller beste storspelet og vann 11-3, mot ein normalt jamnbyrdig motstandar!
 
Vi har visse utfordringar i konsentrasjon, fokus og oppførsel, og før neste sesong har vi laga oss ein plakat med ein avtale om ein del reglar vi skal overhalde. Både spelarar og trenarar har signert på den, så nå gjeld det berre å følge opp.
 
Trenarar for laget har vore Geir Øystein Heggøy, Are Ulseth og Ragnhild Kvandal Løland, i tillegg har Kenneth Løland stilt opp ved behov. Og stødig lagleiar har Beate Røssland vore. Vi har var ein 15-16 gutar i starten av året, men er no oppe i 18. Vonleg vil alle halde fram neste år :)
 
- Assistenttrenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart