|
Årsmelding frå friidrettsgruppa | | 11-12-årsklassane på 60 meter under Kvinnheradmeisterskapen. |
| | Friidrettsgruppa har hatt eit år med god aktivitet og gode prestasjonar. Vi er ei lita gruppe, og prøver å bygge oss gradvis opp. At vi har teke steg framover i år, vitnar ei meir enn dobling av antal nyhende frå gruppa på nettsida vår om (over 30 saker i 2018). | | Styrearbeid Det har vore 4 styremøter gjennom året, nokre tilknytta arrangementsførebuing. I tillegg 4 fellesmøter med Lions om Løveleikene. I styret har vore Are Ulseth (leiar), Årstein Eik, Randi Knudsen (idrettsmerke), Raymond Bård Olsen, Trude Sundsteigen, Dagfinn Jensen, Ingunn Sæverud Jensen, Reidar Jensen, Gunnar Helland og Arne Ingar Myhre. Det er trong for å styrke styret noko for å etablere meir aktivitet i året som kjem. | | | Spretten kar: Åsmund Eikemo Steine (10) i lengde. |
Informasjon Friidrettsgruppa brukar Trio si nettside aktivt rundt våre arrangement. Vi har i tillegg ei eiga Facebookside for Friidrettsgruppa, men syt også for å alltid bruke Trio si felles Facebookside til å nå ut med informasjonen vår. Det er viktig for å nå ut til flest mogleg. | | Treningar - Vi har treningar for dei minste (6-10 år) gjennom heile året. Trenar Ingunn Sæverud Jensen har hatt treningar på onsdagar i utesesongen, og no vinterstid på måndagar i gymsalen på Sunde. Det er trong for å få fleire med på trenarsida i denne gruppa.
Det er gledeleg at vi har fått til eit fast og godt treningsopplegg for ungdom, i hovudsak kastøvingar. Først og fremst er Raymond Olsen trenar for sonen sin Ådne, men også 2-3 utøvarar frå Uskedal og Rosendal er med i treningsgruppa. Desse driv veldig aktivt året rundt, med 4-5 treningar i veka. Det er eit viktig mål for oss å prøve å få til eit breiare tilbod for ungdomar når det gjeld friidrettstreningar. Med utspring i triathlongjengen er det løpstreningar søndagar og onsdagar. Vår veldig aktive Triathlongruppe er inkluderande og flinke til å, via si Facebookside, dagleg og vekentleg annonsere ulike treningsøkter. Friidrettsmerke er det stadig mindre interesse for, særleg blant dei yngre. Det har ikkje vore råd å få til noko særleg opplegg rundt dette og berre eit par godt vaksne utøvarar har teke merket.
| | | Heile 11 deltakarar på 3000 meter under seriestemne i sommar. |
Arrangement Som vanleg har vi avheldt dei faste arrangementa våre, og vi har i tillegg hatt ein del lokale friidrettsstemner.Vi ser at nøkkelen til suksess er god planlegging og promotering. I stemna ser vi at Trio er godt representert, men det er tyngre å få deltaking frå naboklubbane. Særleg har Triostafetten fått ein oppsving i år og i fjor. Med 47 deltakande lag og over 180 løparar i sving har 1.mai blitt reinaste festdagen i Husnes idrettspark. - Kvinnheradmeisterskap i terrengløp. Normalt del av Terrengløpskarusellen, men denne vart det ikkje noko av i år. Likevel vart 4 løp gjennomført kvar for seg.
- Løveleikene for funksjonshemma. Som i fjor med vel 30 deltakarar. Ein herleg dag med uforlikneleg idrettsglede, men vi skulle gjerne hatt større deltaking.
For første gong på fleire år har vi fått til å arrangere seriestemner gjennom sesongen. Totalt har vi hatt 6 slike stemner (3 vår og 3 haust). I tillegg arrangerte vi Kvinnheradmeisterskap i friidrett i oktober. 48 deltakarar er bra, men berre 3 var frå andre klubbar enn Trio. | | | Ådne har imponert i kuleringen. |
Sportslege prestasjonar Av dei beste sportslege prestasjonane i år kan nemnast: - Ådne Olsen (14) sine prestasjonar i kastøvingar. Kretsmeister i kule og diskos, og ny kretsrekord i kastfemkamp i oktober (4122 poeng).
Holmfridur Adalsteinsdottir sin råsterke 3.04 i Frankfurt Marathon. Erlend Nymark Jensen, som no representerer BFG Bergen løpeklubb, har levert fleire maratonløp rundt 2,5 time, med 2.29 i Amsterdam Marathon som det aller beste.
Utstyr Gjennom diverse sponsorstøtte har vi kunna kjøpe inn ein god del utstyr gjennom sesongen. Vi har fått nye vestar/startnummer til Triostafetten, og vi har kjøpt diverse kastutstyr. Både kastredskap (konkurransespyd), kastsegl som fangar opp diskos og slegge, samt kulering for innebruk. Elles har vi eit nytt og flott stadionanlegg som er mykje brukt, ogsåtil uorganisert trening. Og når Trio i lag med kommunen no har fått bygd ny garasje, ser vi fram til at det blir lagringsplass for mellom anna høgde- og stav-mattene. Økonomi/støtte Dette året har vi fått mange verdifulle økonomiske tilskot. Her må særleg nemnast betydelege summar frå Sparebank1-stiftinga til å arrangere Løveleikene, frå Kvinnherad Energi til kjøp av kastutstyr og frå Tysnes Sparebank, som er hovudsponsor for Triostafetten. Vi har også motteke støtte i form av stadionreklame og midlar til innkjøp av startnummer. Både store og mindre tilskot er vi hjartans takksame for. | | Elles er det halvanna år sidan friidrettsgruppa fekk eigen økonomi og ikkje lenger berre høyrer under hovudlaget sitt rekneskap. På denne tida har vi også vist at vi klarar å drive utan årlege driftstilskot frå hovudlaget. Bruk av anlegget Skulane har vore flinke å bruke det flotte friidrettsanlegget vårt, både til treningar/gymtimar og til ulike arrangement. Ungdomsskulen brukar også garderobeanlegget på Triohuset. | | Anlegget er elles mykje brukt til ymse uorganisert trening. Ikkje minst er Trioløypa, turløypa rundt idrettsparken, veldig populær og blir nytta av fleire titals menneskjer kvar dag. Planar Øvst blant måla for 2019 står: - Lokalt dommarkurs, i samarbeid med øvrige klubbar i Kvinnherad.
- Få til treningstilbod også for born 11 år og eldre og gje tilbod til utøvarar.
- Få bygd ei bu som kan huse det elektroniske tidtakarsystemet og gjere dette permanent tilgjengeleg.
- Arrangere eit større friidrettsstemne.
| | For friidrettsgruppa, leiar Are Ulseth | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |