|
Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival! |  | Trio J15 med pokalen etter siger i Bergen Fotballfestival! |
| | Trio har eit lovande 15-års lag for jenter. I helga reiste 13 jenter og ein del føresette til Bergen for å delta i Bergen Fotballfestival i Vestlandshallen. Ei kjempehelg på alle måtar, som til slutt vart krona med flott pokal og turneringssiger i ein klasse som talde 24 lag, stort sett frå Bergensområdet. | | Vi stilte med 2 lag, Trio Rød og Trio Blå. Trio Rød spelte totalt 5 kampar. 3 stk ettmåls tap (2 av dei mot Olsvik/Kjøkkelvik 1 og Åsane som gjekk til semi og finale mot Trio Blå) og 2 uavgjorte med straffekonk vart det. Ikkje utspelt av noko lag og eit uheldig tap i kvartfinalen i b-sluttspelet søndagen, der ein leia 2-0 og førte heile kampen. Dette kunne fort gått ein del lenger, men prestasjonsmessig meget bra av jentene i januar månad!
| |  | Julie var effektiv og vart toppscorar for jentene |
Trio Blå bestod av dei som hadde >80% treningsframmøte gjennom fjoråret. Jentene fekk samspelet til å flyta fantastisk godt frå starten av og vann dei 2 første kampane 8-0 og 7-1. Puljesiger og klar for kvartfinale i a-sluttspel. Her møtte vi eit av mange Gneist lag. Jentene var 'på' så det holdt og vant komfortabelt 4-1. I semifinale venta Olsvik/Kjøkkelvik 1. Vi trur vi har avgjort på 3-1, men like etter står det 3-3! Ein meget spennande kamp som Julie til slutt avgjer då ho sett inn 5-4 målet. Fortent finaleplass sidan vi fører og leiar heile kampen. Klar for finale!
| |  | Ida Lygre og Malin Lygre er solide forsterkingar for jentelaget til Trio i 2019 |
Finalen går mot Åsane, som for eit år sidan vann 14-års klassen i samme cup. Eit toppa Åsane lag spelar meget bra, men våre jenter står fantastisk opp og jobbar som løver. Det er ikkje ufortent når Julie gir oss 1-0. Utligninga kjem 3 minutt før slutt og ein svært god og spennande finale må avgjerast på straffar (best av 3). Julie og Ingeborg sett våre 2 sikkert i hjørnet, mens Åsane sender ein over og Malene reddar nr. 2. Dermed kan jentene strekka armane i veret, hyla ut og gle seg over sin andre turneringssiger siste halvåret.
| | Vi storkoste oss på turen med fellesmiddag på Egon og overnatting på gode gamle Hotel Orion, som bydde på nyoppussa rom og ein fantastisk frokost!
| | Vi har fått 2 solide forsterkingar til laget frå Halsnøy i år. Søsken-barna Ida Lygre og Malin Lygre har glidd flott inn i miljøet og leverte svært bra frå første stund i rødt og blått!
| | Laget som var på tur i helga: Malene Heimvik, Cecilie Medhaug, Ida Lygre, Malin Lygre, Synna H. Gjerding, June Marie S. Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Emma S. Meling, June S. Hammer, Astrid Borgen, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Julie S. Ersland.
| |
| | | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |