|
Kjekk cupdag for G13 | | | | | Småtassane på Husnes 2006 har altså utruleg nok teke steget over i ungdomsfotballen og første møte med poeng, tabellar og sluttspel kom i dagens Trio Cup i Husneshallen. Det var 11 påmeldte lag i G13-klassen og med alle våre 16 gutar på plass mønstra vi tre av dei. | | | Vi stilte tre jamne lag i kvar si innleiande pulje. Trio blå opna med 2-0-siger over Trio Valen, før det vart eit forsmedeleg 0-1-tap for små og kjappe Ternengutar. Dermed var siste kampen ganske avgjerande for eventuell plass i sluttspel, og det hadde sjølvsagt tabellelskar Noah rekna ut på førehand. Men her varta vi opp med ein flott kamp, og slo puljevinnar Rosendal 1-0. Tre lag endte på 6 poeng i gruppa og vi gjekk vidare som puljetoar.
| | | I gruppe B starta Trio rosa med 1-1 mot våre naboar på Trio Valen. Så kom 0-3 mot komande cupvinnar Odda kvit, som var eit veldig godt lag. Då var det trong for tre poeng mot Skånevik i siste kamp, men i ein jamn og sjanserik kamp endte det med 0-1-tap. Dermed vart det ikkje plass i sluttspelet for Trio rosa, trass periodar med godt spel.
| | | I pulje C var det berre 3 lag og her tok Trio raud andreplassen etter 2-1-siger over kvikkisane på Trio G12, før det vart 0-1 for Odda raud. Men det heldt til sluttspelplass med god margin. Og samstundes betydde det at det vart berre 15 minutts pause før vi skulle ut i første kvartfinalekamp mot sterke Rosendal. Her imponerte Triogutane stort og hadde rosendelingane lenge i kne. Vi leia 1-0 til det sto att 2-3 minutt på klokka, men så fekk vi to mål i fleisen på tampen. Dermed ein sur exit, men kjekt vi klarar å spele jamnt med dei beste laga.
| | | Trio blå var altså også i kvartfinale, og imponerte der med heile 5-0 over eit slitent Skåneviklag. Dermed vart det revansjemoglegheit og ny dyst mot gutane frå Sandvoll. Ternen imponerte veldig i denne cupen. Det vart eitt mål til kvart av laga i ein open og jamn kamp. Dermed skulle det heile avgjerast på straffekonk. Det har vi aldri prøvd før. Og det kan vi vl seie var tydeleg, for berre ein av 8 straffar gjekk i mål! Kun Michael klarte å overliste Ternenkeeperen, medan Ternen scora to og sikra finaleplass. Der kom dei elles til kort mot turneringas beste lag, Odda kvit.
| | | Alt i alt ein kjekk dag i hallen, med rikeleg med speletid for alle. Vi tek med oss mykje fine offensive tendensar, som kan bli enda betre om vi driblar litt mindre og let ballen gå litt raskare. Defensivt har vi ein del å hente på å følgje med på det som går føre seg bak ryggen på oss. Motstandarane får altfor ofte stikke gjennom og kome åleine mot keeper. Men det er godt vi har ting å jobbe med. Trening i måro, karar! :) | | | - Assistenttrenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |