Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Sterk siger i treningskamp av J15 mot Rosendal

Klikk på bilete for full storleik
J15 starta utesesongen med siger
 
J15: Trio - Rosendal 4-0, 3x25min med omgangsresultat 1-0, 1-0, 2-0.
To svært habile J15-lag møttes til årets første 11ar kamp. Rosendal som 1. divisjonslag i Hordaland i fjor haust og i år og forsterka med 6 jenter frå Uskedal før årets sesong. Heile 21 jenter var dei i dag. Trio jentene for andre året i 1. divisjon Rogaland, i år med ein elitedivisjon over. Trio var det beste laget i dag og vann til slutt komfortabelt 4-0 etter ein solid gjennomført kamp av laget. Spesielt imponerte jentene med svært god defensiv struktur og slapp til svært lite bakover.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ariana fortsatte der ho slapp i fjor med storspel som stoppar
Vi har slitt noko med sjukdom siste veka og mangla June Marie og Astrid i dag. Heldigvis har vi flinke jenter på J14 som stiller opp og hjelper oss. Sophie, Leah og Annie klarte seg alle 3 veldig bra i dag. Elles var vi opptatt av å øva på høgt press i dag, etter at mange av kampane i fjor blei gjennomført med lavt press.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ida la ned stor jobb på midtbanen
1. omgang var Rosendal sin beste og dei hadde meir ball enn oss desse 25 minutta. Vi skapte likevel dei største sjansane, der ein av 3 store blei satt sikkert til sides for keeper av Julie. 1-0 til heimelaget til første pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott frispark mål og fin assist på Emma i dag
Vi snakka i pausen om å prøva spela endå meir ball og stå endå meir etter med heile laget. Dette klarte jentene med bravur og tok kraftig over banespelet i midtomgangen. Fleire feite sjansar vart produsert, ein i tverrliggar blant anna. Ein utespelar på Rosendal vart dømt for viljehands på streken for å unngå scoring imot. Straffe til Trio som Julie sett sikkert i nota. Vi kunne fort leia meir etter 50 minutt, men fortent 2-0 med ein tredjedel igjen av kampen.
 
Masse skryt i pause 2. Jentene går ut og fortsetter i samme sporet i sluttomgangen. Dagens angrep fører til 3-0. Emma spelar elegant fri Leah på venstre kant. Glimrande innlegg frå Leah blir møtt av J14-kollega Sophie som styrer den i hjørnet, utagbart. Vakkert:-). Siste 14-åringen Annie ville og markera seg og kjem gjennom på eit flott løp. Ho blir tatt og frispark frå 18m. Emma var no verkeleg i støtet og skrudde det opp i hjørnet til venstre for keeper. Flott prestasjon Emma!
 
Vi tapte tilsvarande oppgjer for eit år sidan med 0-1, så dette var ein opptur både prestasjons- og resultatmessig. Alle 14 gjorde ein flott kamp, men kjem ikkje utenom midtforsvaret med Ingeborg og Ariana. Ikkje enkelt å bryna seg på, høgt nivå!
 
Seriestart er ikkje meir enn 4 veker unna, 21. mars heime mot Falkeid. Vi får sjå om vi får skvist inn ein kamp til før det:-)
 
Laget i dag:
Malene, June, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, Emma, Synna, Ida, Malin, Julie, Sophie, Annie, Leah.
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart