|
Streaming frå UM i friidrett | | I helga går UM i friidrett innandørs av stabelen i Ulsteinvik, arrangert av Dimna IL (mest kjent som klubben til (Karsten Warholm). 118 klubbar frå heile landet er representert. Ådne Olsen (15) frå Trio er kvalifisert til å delta i kule. Den øvinga går av stabelen fredag kveld frå kl 18, og du kan sjå det live på linken under. | | | Av 16 deltakarar i kule skal Ådne kaste som 14.mann, med startnr 395 på brystet. Treningskompis Julian Skaale Staveteig er også med og kastar rett etter Ådne. | | | Ådne kasta 11,54 meter i fjor, noko som var 6. best på landsbasis. I Pingvinlekene i Bergen for eit par veker sidan slo han til med 11,96 meter, og etter rapportane skal han ha vore godt over 12 meter på trening. Favoritt i dagens konkurranse er nok Sondre Jahren frå Asker, som hadde over 15 meter. (Det er over 25 år sidan ein norsk 14-åring har kasta så langt!) Han er kjent som eit stort talent, også i diskos, der han har kasta over 55 meter(!) | | | Ådne deltek også på 60 meter (kl 20.30 i kveld) og lengde i morgon formiddag (kl 10). | | | Link til livestream frå UM finn du her. | | | | | |  | | Startliste i kule for gutar 15 år. |
| | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |