Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Hockeysifre i treningskamp

Klikk på bilete for full storleik
 
Treningskamp Trio G13-2 (Husnes)-Trio G12  7-6. I særs ufyseleg ver med kuling, skjelven gradestokk og striregn på tvers møttest G13 (Husnes) og G12 til dyst på Kvednabekkjen. Førehandstipsa gjekk i retning ein jamn kamp, og det vart det.
 
Vi kom best i gong, ikkje minst takka vera Brage, som hadde teke fyr i striregnet. Berre halvminuttet ut i kampen hamra han oss i leiing med ein susar i hjørnet få 20 meter. Vi hadde eit visst overtak, og sjølv om Jonathan utlikna, gjekk vi i ny føring rett etter, då Mathias sette inn sitt første Triomål etter ein corner. Eit superkjøp vi har gjort frå Herøysund i løpet av vinteren :)
 
Noah prikka inn 3-1 med eit tåskot ikkje lenge etter, før Brage på ny lada venstreslegga, etter ei fin opprulling mot venstre. Men Mikaeel reduserte då han plasserte kontrollert ballen i hjørnet med venstrefoten. 6 mål på ein halv omgang, alt hadde runne inn! Men så var det også slutt på måla for resten av omgangen, sjølv om vi hadde eit visst overtak.
 
I pausen byta vi 7 av 9 mann. Brage var ein av få som fekk litt ekstra tid, sidan han skal vekk når vi har neste kamp. Og han nytta tida godt. 5-2 etter ei flott pasning frå Mohamed Z. Etter at Troy hadde redusert med eit flott skot i hjørnet, varta Brage opp med to nye, flotte scoringar. Det siste til og med med høgrefoten(!!), så då var det berre å få bytta han ut :)
 
Altså sto det heile 7-3 etter kvarteret, men så var det også slutt for vår del. Vi byrja å rote meir og meir og klarerte altfor ofte inn sentralt, rett i fanget på motstandaren. Dermed fekk vi i periodar eit veldig trykk mot oss. Vi prøvde å ikkje rope så mykje og la gutane finne ut av det sjølve, men det sleit vi med å få til. G12 pressa kraftig på og fekk 3 reduseringar. Og det kunne vore fleire. I andre omgang mønstra vi to hurtigtog på kantane, kanskje dei to kjappaste vi har. Diverre spelte vi for mykje i midten og klarte berre sjeldan å sette opp lynvingane. Dumt :/
 
Velvel, ein kjekk kamp, om enn noko sur vermessig. 
 
Neste treningskamp skal nok bli langt tøffare, på fredag står sjølvaste G14 på motsett halvdel og vi skal prøva oss på 11arfotball. Sjølv om vi ikkje skal spele det før neste sesong.
Vi kan berolige G14 med at Brage står over på fredag ;)

Kampfakta frå Kvednabekkjen 

Trio G13-2 (Husnes) - Trio G12  7-6 (4-2)

1-0 (32 sekund) Brage Kvandal
1-1 (8 minutt) Jonathan Dale
2-1 (9 minutt) Mathias Veastad
3-1 (13 minutt) Noah Smith
4-1 (16 minutt) Brage Kvandal
4-2 (19 minutt) Mikaeel Soosainather
5-2 (39 minutt) Brage Kvandal
5-3 (44 minutt) Troy Voster
6-3 (46 minutt) Brage Kvandal
7-3 (49 minutt) Brage Kvandal
7-4 (58 minutt) Lars Nistad
7-5 (60 minutt) Troy Voster
7-6 (63 minutt) Kevin Kvernenes
 
Dommar: Torstein Olderkjær - iskald!
 
Trio G13-2 (Husnes) sitt lag: 
1.omgang: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Andre Nordøy, Gunnar Eikemo Steine, Mathias Veastad, Noah Smith, Jonas Hjelmeland Naterstad, Brage Kvandal, Vegar Seljelid Joleik.
2.omgang: Mikael Løland, Håkon Georg Røssland, Andre Nordøy, Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Mohamed Zekeriye, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Mikal Røssland, Brage Kvandal/Martin Fjeldstad Smith.
 
Trio G12 sitt lag: 
Sander Tofte, Torstein Bjelland, Marcus Totland, Adrian Jensen, Erlend Blokhus, Jonathan Dale, Mikaeel Soosainather, Kevin Kvernenes, Troy Voster, Lars Nistad, Oddgeir Sjo, Håkon Sundsteigen Nes.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart