Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

God prestasjon mot overmakta

Klikk på bilete for full storleik
 
Treningskamp: Trio G13-Trio G14 0-3. Tøff motstand for G13. For fire dagar sidan spelte vi mot G12 og vann knepent, i dag var det duell med G14. Her klarte vi oss betre enn venta.
 
Underteikna var noko skeptisk før kampen då vi mangla kvikkisar som Mikal, Noah, Brage K, Vegar og Mohamed Z. Faktisk var ingen av målscorarane våre i 7-6-kampen mot G12 tidlegare i veka på banen i dag. Hjå G14 hadde nokre gjort come back, kjekt å sjå dei var heile 15 mann til kamp i dag.
 
Vi venta å bli pressa godt bakpå og hadde fokus på litt meir kynisk spel enn vi normalt legg opp til, og hovudfokus var å unngå gjennomspel i bakrom på oss mot lange og raske G14-angriparar. Leia av ein formidabelt god kaptein André klarte vi dette utruleg bra i store delar av kampen. Og mange bretta opp ermene og trødde ekstra til i duellane. Ekstra pluss til Håkon Georg, som verkeleg viste seg frå si beste side i dag.
 
På midten gjorde Emil manns jobb og midtstoppar Abdi vann fleire duellar enn nokon gong. Dermed unngjekk vi mykje av trøkket i mot oss og spelte i store delar av førsteomgang jamnt med motstandaren. Kjekt å sjå at vi får til godt spel framover også. Sjølv om det kom to baklengs på gjennomløp mot slutten av omgangen, så var det ein nøgd og letta keeper Michael som i pausen byta hanskane bort til Gunnar.
 
Også i andre omgang gjorde vi ein god prestasjon, sjølv om vi nok fekk til litt mindre i denne omgangen. Ei scoring kunne vi dog godt ha fått. Nærast var nok Sander, som fekk 2-3 gode sjansar då han vart spelt gjennom på høgrevingen. Men omgangens einaste mål var det Eirik S på G14 som fekk, då han styrte ballen inn frå kort hald.
 
Dermed 0-3 i vår første kamp med 11arfotball, stormål og full bane - eit heilt år før vi skal byrje med slikt. Kanskje tek vi ei tilsvarande dyst før påske også. Kjekt med treningskampar utan at vi treng reise. Neste helg står det Oddatur og Zinken cup på agendaen. Det blir spanande møter mot ukjente motstandarar.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio G13-Trio G14 0-3 (0-2)
0-1 (25 minutt) Abdulqadir Mohamed
0-2 (30 minutt) Daniel Morstad
0-3 (55 minutt) Eirik Sørstrømmen
 
Dommar: Torstein Olderkjær
 
Trio G13 sitt lag: 
Michael Løland, Håkon Georg Røssland, André Nordøy, Abdisalan Zekeriye, Edvard André Ingvaldsen Nessestrand, Gunnar Eikemo Steine, Emil Solheim, Tristan Thorsen, William Heggøy, Mohammed Aljajan, Elias Ulbi, Brage Ripel Harsvik og Sander Wang.
 
Trio G14 sitt lag: 
 
David Probert, Sondre Vågen Eikenes, Eirik Hellesen Tømmervik, Johannes Eide Myklebust, Daniel Morstad Attille, Ishmael Soosainather, Odin Tofte, Erling Opsanger-Tveit, Eirik Sørstrømmen, Bendik Aarthun,Elias Sætrevik, Jonas Helland, Adrian Vimme, Abdulqadir Mohammed, Jan Uglehus.
 
 
 
 

- Assistenttrenar G13 Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart