|
G13-2 på Zinken Cup | | | | | Denne helga var Trio G13-2, eller 13-åringane frå Husnes om du vil, på Zinken Cup i Odda. Ein veldriven cup, tradisjonen tru i seriøst møkkaver. Men vi var heldigare med veret i kampane våre enn mange andre lag var. Vi er 17 gutar på blokka, men reiste med 13, av ulike fråversgrunnar. | | | Ingen grunn til å overnatte, så her var det pendling kvar dag. Kjekt at mange foreldre bidreg med køyring, og heiing. Det var 8 lag med i G13-klassen og vår pulje såg noko tøffare ut enn den andre. Først ut var det vi trudde var lettaste motstandaren, SK Nord frå sør i Haugesund. Eller nord på Karmøy (fastlandet), om ein skal vera presis. Vi leverte ein tam og elendig førsteomgang og låg under 0-2. Langt betre innsats etter pause, men utteljinga mangla og det endte med 0-3-tap. Dette var ein motstandar vi meiner vi burde kunne slått. Likevel, den kjekke gjengen frå Haugesund vann faktisk alle sine tre innleiande kampar, imponerande! | | | Så var det meir kjent motstand. Vi brukar som regel spele jamnt med Odda, men som regel taper vi også med eit par mål. Så også denne gongen. To tverrliggjarskot frå Mohammed 1 og 2 for vår del, men Odda tok leiinga. Mohammed A utlikna på straffe før pause. Og i andre omgang hadde vi i periodar bra trøkk og haugevis med sjansar og nestenmoglegheiter. Men i staden var det oddingane som fekk nokre lette mål og dei vann til slutt 1-4. | | | Etter at André hadde sikra seg sigeren i skotpresisjonskonkurransen, var det så duka for knalltøff motstand. Vard vann Sør Cup i fjor og mønstrar eit lag med mange av dei mest hardtsatsande gutane i Haugesund. I tillegg var både trenarar og spelarar i revansjemodus etter eit overraskande og forsmedeleg tap for Nord i kampen før. Då vi i tillegg var veldig lite på hugget, vart vi kraftig straffa for det. Måla rulla jamnt og trutt inn og sjølv om Elias scora 2 og Mohammed A eitt for oss, så hjalp det lite. 3-12 var ikkje noko å skrive heim om. Men no er det gjort likevel. | | | I alle høve, det betydde B-sluttspel søndag, og her møtte vi trearen i den andre pulja. Og det var ingen ringare enn våre gode naboar Trio Valen, eller Trio 1 som dei skal heite i seriespelet. Altså ein søndagstur gjennom fjellet for å møtast i lokaloppgjer og prestisjeduell. Vinnaren ville gå til B-finale mot Odda G13, som vi altså tapte for i går. Dei vann stort i sin semifinale. | | | Når vi møter Valen er det alltid kjekke og jamne kampar. Vi starta ut med eit lite overtak og skapte ein del sjansar. Brage K sendte oss i føring med eit kontant skot i hjørnet. Men Valen svara med ei rein Sundekontring. Sander rundt på sida og hardt inn til Brage RH, som utlikna. Og det var dagen for Brage-scoringar, for han sendte dei også i føring frå straffemerket. Men før pause fekk også vi straffe og Mohammed A utlikna til 2-2. Etter pause hadde vi eit overtak i kampen og Vegar sette tidleg inn det som skulle bli sigersmålet. Vi sto greitt av sluttspurten til valegutane. | | | Ergo nokre nye timar i Odda idrettspark før B-finalen. I forhold til veret har vi kome heldig frå det, og all ære til OFK for god cupgjennomføring i guffent ver. B-finalen starta bra for vår del. Første kvarteret var jamnspelt. Mohammed var nære med eit stolpeskot og Martin redda strålande då oddingen kom åleine mot vårt mål. Men så datt vi i fisk då Odda fekk to kjappe mål før pause. Andre omgang seier vi minst moglev om, utover at det til slutt endte 0-4. Trening i måro, karar! | | | - Are Ulseth
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |