Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Rekordtidleg seriestart for J15 på tysdag

Klikk på bilete for full storleik
Klare til rekordtidleg seriestart
 
Seriestart i mars månad har normalt vore eit omdiskutert tema i Tippeligaen seinare år. Men for Trio sitt J15-lag blir det tilfelle i år, med sesongåpning i 1. divisjon Rogaland på Djervbanen i Haugesund kommande tysdag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Søskenbarna Ida og Malin Lygre har imponert oss i vinter og gler seg til seriespel i Trio drakt
Faktisk skulle vi allereie ha spela mot Falkeid 21. mars, men denne vart utsett 2 månader pga ein skuletur for Falkeid jentene.
 
Klikk på bilete for full storleik
Emma har hatt sin beste treningsvinter og går mot ein god sesong!
Motstandar Djerv 1919 i seriestarten er eit bekjentskap frå i fjor. Ein jamn kamp den gongen enda med 4-3 siger til Trio.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ariana har vist knallform på trening og er klar for å stoppa Djerv spissane!
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott treningsvinter også av June som er i stadig utvikling på fotballbanen
Vi har lagt bak oss nesten 3 månader med oppkjøring, og jentene har lagt ned ein svært god treningsjobb. Vi har nøgd oss med ein treningskamp (4-0 mot Rosendal) i tillegg til turneringar i Vestlandshallen og Husneshallen og meiner vi skal vera godt førebudde for ein vårsesong som tel heile 10 kampar og vert runda av med Sør Cup i Kristiansand veka etter skuleslutt. Eit naturleg mål må vera å bli blant dei 6 beste i serien, då desse sannsynlegvis vil utgjera 1. divisjon til hausten.
 
Eit visst 'lokalt' tilsnitt vert det på serieåpninga. Heimelaget er klubben til Trio guten Endre Eide (trenar for a-laget), mens utflytta kvinnhering Oddgeir Søllesvik skal dømma kampen:-).
 
Vi satsar på oppdatering på 'Liveoppdatering', kampstart blir litt over 18.30 tysdag.
 
Heia Trio!
 
 
Per Einar
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart